Snøggbåten kaprar marknadsandelar

Oppslutnaden om kollektive transportmiddel i Horaland aukar langt raskare enn folketalet.

To avgangar i timen og plass til 296 passasjerar førte til at meir enn 580.000 tok båten mellom Bergen sentrum og Kleppestø i fjor.

Det hevdar i alle fall Skyss og Hordaland fylkeskommune. Medan folketalet i fylket auka med beskjedne 0,6 prosent i fjor, var den reelle auken i talet på reisande med buss, båt og bane i fylket heile 5 prosent, ifølgje ei pressemelding.

Naudsynt utvikling
– Det er svært gledeleg å sjå ein slik vekst i talet på kollektivreisande. Eg er glad for å sjå at strategien vår fungerer. Mange fleire enn før nyttar kollektive tilbod i kvardagen, og dette er ei heilt naudsynt utvikling om vi skal nå måla om lågare biltrafikk og fleire som reiser kollektivt, syklar og går, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun (Ap) i pressemeldinga frå Hordaland fylkeskommune.

Utanom køane
Største passasjerveksten fann stad i Bergensområdet, og aller sterkast var veksten i båttrafikken.

Stadig fleire strilar oppfattar snøggbåtane som ein påliteleg og effektiv måte å omgå køane på vegnettet i Bergensområdet.  Fleire avgangar og større båtar både mellom Kleppestø og Bergen og på strekkja Knarvik – Frekhaug – Bergen førte til at talet på båtpassasjerar auka med heile 13 prosent.

70 millionar
Samanlikna med buss og bane utgjer båtpassasjerane likevel framleis ein minoriet. 1,1 millionar båtreisande i fjor utgjer 1,6 prosent av alle kollektivreiser i fylket.

Totalt gjorde hordalendingane 70 millionar kollektivreiser i fjor.

Mobilbilett
Nye teljemåtar betre tilpassa kjøp av mobilbilett, gjer det vanskeleg å samanlikna tala på reisande med buss og bane frå 2016 med året før.

Posta av

Redaktør med sterkt samfunnsengasjement.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.