Få svar på folkemøte om Skålevik skule

Ungane på vestsida får gå på Skålevik skule inntil bygginga av ny skule tek til.

Eit sterkt foreldreengasjement ved Skålevik skule konfrontrte politikarane i Fjell på folkemøtet.

Folkemøtet mellom foreldra ved Skålevik skule og politikarane i Fjell i går kveld ga få svar på dei mange spørsmåla innbyggjarane på vestsida brenn inne med i tilknyting til planane om skulenedleggingar i Fjell.

Det aller viktigaste klarte dei nærare 150 frammøtte likevel å få politikarane til å bekrefta: Ungane deira får gå på Skålevik skule inntil bygginga av ny skule tek til. Dessutan kom det fram at det er fleirtal i dei politiske partia for at planlegginga av ny skule på vestsida må ta til alt no.

Skulle leggjast ned
Foreldra på Skålevik skule vann første runde. I Komite for drift og forvaltning sist veke vart det tilrådd å ta skulen på vestsida vekk frå lista over småskular i Fjell som politikarane meinar er for dyre å drifta.

Les: Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

Grina blod
– Det er så du kan grina blod, var uttrykket ordstyrar Dag Frode Algrøy nytta for å oppsummera korleis foreldre og lærarar oppfattar den politiske prosessen.

Med 135 elevar er Skålevik skule ein av dei minste attverande barneskulane i Fjell. Skulen vart teken i bruk i 1977 og har gjennom mange år stått øvst på prioriteringslista for rehabilitering.

– Anslaga gjekk ut på at det trongst 40 millionar til rehabiliterint, men plutselig var dei 40 millionane vekke, og vi måtte lesa i media at skulen skulle leggjast ned. Kvifor hasta det plutselig så veldig å senda ungane våre til Ulveseth? Eg håpar de forstår at slike prosessar skapar heftig foreldreengasjement, appelerte Algrøy til politikarpanelet.

– 40 millionar ville nok ha dekka behovet for rehabilitering. På sikt vil vi måtta byggja ny skule, noko som vil kosta 150 millionar. Det var aldri snakk om å leggja ned, hevda varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Asbest

Poltikararpanelet: fh ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A), Kristin Brennhaug (KrF), Ketil Hansen (FrP), Svein Bergh (SotraLista), Egil Håland (A) og varaordførar Tom Georg Indrevik (H), Johannes Kobbeltvedt (Sp) kom seinare.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) tok sjølvkritikk når det gjaldt måten saka har vore kommunisert.

– Dette handlar om asbest, ikkje innsparingar. Vi veit det er asbest her. Det er vårt ansvar å syta for at ingen ungar vert utsett for slikt, freista Sandahl Bjorøy overtyda dei nærare 150 frammøtte.

Skålevik er ein av to skular i Fjell med mykje asbest. Fjell har tidlegare vedteke at ingen skular i kommunen skal innehalda asbest. Delar av Foldnes skule skal rivast, og elevane flyttast midlertidig til Brattholmen. På Skålevik må heile skulen rivast om ein skal få fjerna all asbesten, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Les: Asbestbomber på skulane

– Det er mykje snakk om asbest. Frie asbestpartiklar er farleg i luft. Her er dei innestengt i veggane og ufarlege, hevda Svein Bergh (SL).

– Vi kan gjera vedtak om å setja i gang planlegging av ny skule. Om vi ikkje har ein plan, er det vanskeleg å få pengar til ein ny skule inn på budsjettet, innvendte Bergh til applaus frå salen.

Ny skule
Planar om ein ny skule på vestsida har lenge versert under ulike politiske konstellasjonar. Det avviste nedleggingsframlegget tok likevel ikkje høgde for at det skal byggjast ny skule. Noko som opprørte foreldra. Dei oppfatta saka som eit reint nedleggingsframlegg frå Rådhuset på Straume.

– Vi er i ein prossess med kommunesamanslåing. Ingen har lagt pengar på bordet til ein ny skule i 2018. I 2019 vil vi ikkje få aksept for å setja av 150 millionar, slik det var planlagt. Situasjonen er slik at vi må avventa 2020 og det første investeringsbudsjettet i den nye kommunen, hevda Sandahl Bjorøy.

Innsparing
– Foreldra her høyrer Høgre og Arbeiderpartiet snakka om hastverk. Det har vore kjent i mange år at Skålevik skule inneheld asbest. Skålevik skule har stått øvst på rehabiliteringslista i mange år, utan at noko har skjedd, og så kjem det plutselig eit forslag om å flytta elevane til Ulveseth utan nokon plan for ny skule. Dei som les sakspapira kan lett oppfatta det slik at hastverket her dreier seg om å spara 15 millionar, men korleis har de no eigentleg tenkt å gjera det? Ved å slå saman klassar? spurte Dag Frode Algrøy.

Ba om tillit

Gratis lobbyist. Asbjørn Algrøy har tre barnebarn ved Skålevik skule og meinar ein bør starta planlegging av ny skule no, ikkje utsetja det til nye Øygarden er ein realitet.

For Fjell-ordføraren vart folkemøtet ei sterk ut-av-bobla-oppleving:

– Som ordførar ønskjer eg ikkje å ha ungar i skular med asbest. Korleis kan vi oppnå det? Her har vi kome litt skeivt ut. Eg trudde at det å få ein bygningsmasse utan asbest var det viktigaste. Eg har ikkje noko anna motiv enn det eg seier. Eg ber dykk om ikkje å tilleggja oss andre motiv enn det vi seier. Om de gjer det, har vi eit kjempeproblem, for vi er avhengig av tillit. Mitt motiv er asbest, det ønskjer eg å verta trudd på, oppfordra Sandahl Bjorøy.

– Eg håpar de forstår at det er veldig vanskeleg å ha tillit til prosessen når det ikkje føreligg nokon plan for ny skule, spurte Algrøy.

Inn i nye Øygarden
– Eg har tre borneborn på denne skulen, og tenkjer at vi må ha med oss ein plan for ny skule inn i den nye kommunen, ikkje utsetja planlegginga i to år til nye Øygarden er ein realitet, hevda Asbjørn Algrøy frå salen.

– Er det mogeleg til neste møte i kommunestyret å få inn att den setninga KDF tok ut, slik at det vert mogeleg å koma i gang med planlegging alt no? Då kan vi ha ein plan som kan takast med inn i Nye Øygarden, spurte Algrøy.

Gratis lobbyist
Den tidlegare BRB-direktøren og mangeårige Høgre-politikaren tilbaud seg å fungera som gratis konsulent og driva lobbyverksemd for å få planen om ny skule gjennom i byråkratiet på rådhuset før 2020.

– Algrøy kan gjerne spørja. Slik eg oppfattar det, meinar vi det same, sa Sandahl Bjorøy. Fjell-ordføraren kunne likevel ikkje lova nokon konkret framdriftsplan for ny skule på vestsida.

– Asbjørn Algrøy er ingen amatør. Når han seier vi kan få fortgang i planlegginga av ny skule, så kan vi det. Det skal eg syta for, hevda Svein Bergh.

– Eg trur vi kan verta samde om eit forslag til kommunestyret som fleirtalet vil støtta, supplerte Indrevik (H).

– Eg veit kor lang tid slikt tek, og har ikkje tenkt å lova noko eg ikkje trur eg kan halda, innvende Sandahl-Bjorøy.

Forslaget om endringar i skulestrukturen i Fjell skal avgjerast i kommunestyret neste veke. Her vil kommunestyret også ta stilling til forslaget frå Skålevik skule om at planlegginga av ny skule på Skålvik bør starta alt no, ikkje utsetjast til nye Øygarden er ein realitet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s