Folkemøte om karbonmottak

Det vert folkemøte om det planlagte karbonfangstmottaket i Øygarden 5. mars.

CCB Kollsnes er vald som lokalisering for eit mottak av karbon frå norsk industri. Staden er vald på grunn av nærleiken til Smedheia der gassen skal lagrast permenent.

Det fortalde ordførar Børge Haugetun under innleiinga av dagens møte i kommunestyret.

Karbonfangstmottaket i Øygarden vil verta av nasjonal betydning, og kan ha store ringverknadar i forhald til lokal og nasjonal industriutvikling, ifølgje Haugetun.

Anlegget skal etter planen ta mot 1,5 millionar tonn av dei totale norske karbonutsleppa på 53 millionar tonn årleg, ifølgje Haugetun. Karbondioksiden skal deretter førast i rør ut til Smedaheia og lagrast i formasjonane der.

Les: CO2-mottaksanlegg til Kollsnes

Vert det noko av planane om å henta karbon frå industri og kolkraftanlegg i utlandet, kan mengda CO2 verta mangedobla.

Det er Statoil, Total og Shell som står bak prosjektet. Arbeidet med reguleringsplan for anlegget startar i desse dagar.

Betydninga til anlegget krev at ein kjører prosessen på ein måte som slike store planar tilseier. Folkemøtet vert eit av fleire tiltak for å spre informasjon om tiltaket og skapa forståing om viktigheten av at Stortinget bevilgar dei midlane som vil vera naudsynt for å verkeleggjera planane, seier Haugetun.

Stortinget skal etter planen ta stilling til finansieringa, som vil krevja mange milliardar kroner, i juni 2019.

Folkemøtet vert på Kystmuséet og startar kl. 18.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s