Kystsogevekene på beddingen

Skal kystkulturen overleva, treng han løftast inn i notida. Første glimtet vil Sotra- og Øygardsstrilane få under Kystsogevekene i august.

Kystkulturen må løftast inn i notida. Olje og gass og oppdrett er døme på element som må med.

Dei årlege Kystsogevekene treng fornya seg, skal dei sikra rekrutteringa og halda interessa ved like, tenkjer arrangørane. I dag samlast representantar frå kulturen i Fjell, Sund og Øygarden til idedugnad på Ran Seilforening med nordavinden plystrande i mastene på seglbåtar i vinteropplag.

I endring
Kystkulturen er i endring. Frå å vera levd kvardagsliv med røtene solid planta i historiske tradisjonar, er han i fare for å verta redusert til ein kulturell konstruksjon, skal vi tru forskar Dag Hundstad ved Høgskulen i Volda.

Kystkultur vert oftast forbunde med sjø, slit og nøysemd, men han er noko langt meir enn det. Skal kystkulturen overleva, treng han løftast inn i notida. Det er på tide å få fram det positive, mangfaldet og oppdatera innhaldet i begrepet, hevda Hundstad.

Sjømennene, olje og gass, og oppdrettsnæringane er element som kan nyttast til å oppdatera historia.

Øygarden 2020
Kystkulturen som identitetsberar utgjer eit eige punkt i intensjonsavtalen for nye Øygarden kommune. Kystsogevekene vil utgjera eit viktig punkt i integrasjonen av dei tre kommunane, seier varaordførar Tom Georg Indrevik i Fjell som også er leiar for integrasjonsarbeidet i Fellesnemnda.

Lag og organisasjonar i Fjell, Sund og Øygarden vil om kort tid få invitasjon til å melda inn forslag til arrangement under dei komande Kystsogevekene.

– Kystsogevekene vert ein fin anledning til å finna ut kva tilbod som finst i dei andre kommunane og verta kjend med kvarandre, lovar Indrevik.

Få med deg denne videoen: Sette kurs for Langøymarknaden

Utvikling av ein Øygards-gensar vil vera eitt av prosjekta. Her har Sotra Husflidlag fått i oppdrag å lysa ut ein konkurranse.

Les: Korleis bør Øygards-gensaren sjå ut?

– Slik gjer me da hjå øss

Hav og nordavind i teksten. Vivian Steinsland gav inspirasjon til idedugnaden.

Det er kommunane som eig Kystsogevekene. For å gje inspirasjon til fornyinga var mellom anna ordførar Jon Askeland i Radøy henta inn. Askeland set si æra i å leia den kommunen som har flest sider i katalogen til Kystsogevekene. Årleg medverkar han til å avvikla 20 – 25 arrangement. Alle med grunnlagt på frivillig innsats.

Å få fram mangfaldet, og spreia arrangementa over heile kommunen, er litt av hemmeligheten bak suksessen, tenkjer Radøy-ordføraren.

Fornying vil også vera nøkkel til å få godt besøkte arrangement, ifølgje Askeland. Då Bondelaget inviterte til ope hus i ein nybygd, stor flor, møtte 400 personar. Det er mange i ein kommune med vel 5.000 innbyggjarar. Ope hus i Radøy-gruppen vart og ein suksess.

I Tysnes har Kystsogevekene alliert seg med Tysnes-fest og overlate styringa til unge menn med rufsete hår. Ein vri som inneber at dei ikkje lenger er eit reint frivillig tiltak, men at kulturen har byrja gje grunnlag for nye arbeidsplassar, fortalde festivalsjef Sigvald Madsen.

Autentisk kystkultur: Iskald nordavind som plystra i mastene på seglbåtar i vinteropplag på Ran Seilforeining.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s