Landro svarar Indrevik – to hovudutval betre enn fire?

Er to hovudutval i nye Øygarden betre enn fire? spurte Georg Indrevik i ein gjestekommentar på nettavisa Tunnelsyn. Her svarar leiar Kari-Anne Landro i Fellesnemnda.

Ei samrøystes fellesnemnd har gjeve tilslutning til at utval for politisk styringsstruktur kan å gå utover sitt mandat. I tillegg til fire politiske utval kan dei også vurdere andre alternativ for politisk organisering av den nye kommunen, skriv leiar Kari-Anne Landro (H) i Fellesnemnda for Fjell, Sund og Øygarden. Her saman med prosjektleiar Paul J. Manger.

Les: Gjestekommentar: To hovedutval betre enn fire?

Den 30. oktober vedtok fellesnemnda mandatet til utval for politisk styringsstruktur. I det neste møtet i fellesnemnda 22. november orienterte leiaren for utvalet Marianne Sandahl Bjorøy frå det første møtet i utvalet.

Dei hadde diskutert moglege justeringar i organisasjonskartet som er skildra i intensjonsavtalen, særleg med tanke på reduksjon av talet på utval frå fire til tre eller to.

Vi hadde eit nytt møte i fellesnemnda 11. desember. Då tok eg som leiar opp at det er fellesnemnda som må godkjenne om utvalet for politisk styringsstruktur kan gå utover sitt mandat og sjå på fleire alternativ enn fire utval. Ei samrøystes fellesnemnd gav tilslutning til at utvalet får fullmakt til å gå utover sitt mandat.  I tillegg til fire politiske utval kan dei også vurdere andre alternativ for politisk organisering av den nye kommunen.

Det vart lagt vekt på at alle alternativ skal bli drøfta grundig med fordeler og ulemper. Dette er protokollført. Fellesnemnda vil få ein rapport med ei innstilling frå utvalet når dei er ferdig med sitt arbeid. Det er fellesnemnda som gjer endeleg vedtak.

Advertisements

3 Comments

  1. Dei 3 kommunestyra har utforma ein bindande intensjonsavtale som er overordna rammer for Fellesnemda sitt arbeid. Det er ikkje gjeve grunnlag/heimel til å gå ut over eller innskrenka den overordna intensjonsavtalen. Dersom leiar for Fellesnemda, eller for den del fleirtal i denne nemda vil endra på dei grunnleggjande forutsetningene, er det fritt fram for å undergrave intensjonsavtalen sitt innhald på ei rekkje andre saksområde. Dette som har skjedd er eit feilgrep og er medvirkande til å skapa ein uhaldbar arbeidsmedtodikk. Dersom ein legg til grunn at intensjonsavtalen i dei 3 kommunestyra er fatta etter lovleg vedtak, må også Fellesnemda respektere dette. Det overordna viktig at Fellesnemda nyttar det historiske høve til å skapa truverde, eigarskap, identitet, framdrift og kontinuitet i sitt viktige arbeid.
    Det er grunn til å sitera deler av formålsparagraf i Delingslova…..»leggje til rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning.» Fellesnemda har teke på seg ei unødvendig, og kanskje ei ulovleg, utgreiing om talet på hovedutval i den nye kommunen i strid med Delingslova pgr 26, 4.ledd. Her må ein ha tunga rett i munnen, for i Fellesnemda det er menneske med mangfoldig bakgrunn, til og med juristar. Men uansett, Fellesnemda bør retta opp i dette og respektere innhaldet i intensjonsavtalen pkt.6. Hvis ikkje, er det grunnlag for å reforhandla heile intensjonsavtalen, men prosessen tillet ikkje det. Om Fellesnemda skal lukkast vidare med sitt arbeid må ein forventa at folk engasjerer seg og følger med kva folkevalgte gjer – eller ikkje gjer. Lukke til i det vidare arbeidet !

    Likar

  2. Brudd på regelverket.
    Leder for fellesnemnda for vår nye kommune, – Kari-Anne Landro, unnlater å besvare mitt spørsmål. Jeg tillater meg derfor å gjenta dette.
    Vil leder for Fellesnemda,- i denne avis, begrunne hvorfor hun mener nemda har mandat til å endre Intensjonsavtalen, og hvorfor hun med sin taushet til utvalgets innstilling mener at 2 hovedutvalg vil være bedre enn de 4 som 79 folkevalgte representanter har gått inn for?
    Fellesnemda har et reglement som i første strekpunkt sier; » Vidareføra arbeidet med å etablera ein ny kommune frå 01.01.2020 i samsvar med Intensjonsavtalen og Inndelingslova». Inndelingslova § 26, 4 avsnitt, første setning -sitat » Andre arbeidsoppgåver og fullmakter for nemnda blir fastsette i reglement som må vedtakast i alle kommunestyra eller fylkestinga», sitat slutt.
    Hvilke andre endringer i intensjonsavtalen må vi se frem til? Fellesnemda er under lagt § 59 i Kommuneloven – lovlighetskontroll. Noen bør gjøre bruk av denne!
    Georg Indrevik

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.