Gjestekommentar: Fellesnemnda går ut over mandatet sitt

Kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden har ikkje gjeve Fellesnemnda mandat/fullmakt til å utgreia tilhøve/saker som allereie er vedteke og nedfelt i intensjonsavtalen. Skal talet på hovudutval endrast, må intensjonsavtalen reforhandlast, noko som skapar ein uhaldbar situasjon.

Av Bjarte Sangolt

Fellesnemda har teke på seg ei unødvendig, og kanskje ei ulovleg, utgreiing om talet på hovedutval i den nye kommunen i strid med Delingslova pgr 26, 4. ledd, hevdar Bjarte Sangolt i dette debattinnlegget.

Dei 3 kommunestyra har utforma ein bindande intensjonsavtale som er overordna rammer for Fellesnemda sitt arbeid. Det er ikkje gjeve grunnlag/heimel til å gå ut over eller innskrenka den overordna intensjonsavtalen.

Les: To hovedutvalg bedre enn fire?

Dersom leiar for Fellesnemda, eller for den del fleirtal i denne nemda vil endra på dei grunnleggjande forutsetningene, er det fritt fram for å undergrave intensjonsavtalen sitt innhald på ei rekkje andre saksområde. Dette som har skjedd er eit feilgrep og er medvirkande til å skapa ein uhaldbar arbeidsmetodikk.

Dersom ein legg til grunn at intensjonsavtalen i dei 3 kommunestyra er fatta etter lovleg vedtak, må også Fellesnemda respektere dette. Det overordna viktig at Fellesnemda nyttar det historiske høve til å skapa truverde, eigarskap, identitet, framdrift og kontinuitet i sitt viktige arbeid.

Det er grunn til å sitera deler av formålsparagraf i Delingslova…..»leggje til rette for ei kommune- og fylkesinndeling som innafor ramma av det nasjonale fellesskap kan sikre eit funksjonsdyktig lokalt folkestyre og ei effektiv lokalforvaltning.»

Utsnitt av Fellesnemdna sitt mandat.

Fellesnemda har teke på seg ei unødvendig, og kanskje ei ulovleg, utgreiing om talet på hovedutval i den nye kommunen i strid med Delingslova pgr 26, 4. ledd.

Her må ein ha tunga rett i munnen, for i Fellesnemda er det menneske med mangfoldig bakgrunn, til og med juristar. Men uansett, Fellesnemda bør retta opp i dette og respektere innhaldet i intensjonsavtalen pkt.6. Hvis ikkje, er det grunnlag for å reforhandla heile intensjonsavtalen, men prosessen tillet ikkje det.

Om Fellesnemda skal lukkast vidare med sitt arbeid må ein forventa at folk engasjerer seg og følger med kva folkevalgte gjer – eller ikkje gjer. Lukke til i det vidare arbeidet !

Advertisements

3 Comments

  1. Hmmm?
    Dette er ikke overraskende. Når folkevalgte, som ordførere med flere, ikke greier å holde fokus på hva de har vedtatt eller ikke, samt lovligheten av vedtak de gjør, da er det gale, men ikke noe nytt. Det kan umulig være et «gjennomsnitt» av befolkningen som er valgt inn i styre og stell.
    Øyvind Herland, Roshjelp1.com

    Likar

  2. Bjarte, dette er rett. Det er ikke mulig å forlate det som er nedfelt i intensjonsavtalen. Ser en på det rent praktiske vil det bli en helt umenneskelig jobb å lede de to utvalgene med et svært spenn i politisk ansvar. Derfor ble modellen med fire utvalg vedtatt og innlemmet i avtalen. Avtalen er bindende.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.