Gløymt historie: Då Bergen var Nordens New York

Frå krigsutbrotet i 1914 til januar 1917 var Bergen internasjonalt knutepunkt i passasjer- og godstrafikken mellom Europa, Storbritannia og USA.

Erfaringane med internasjonal passasjertransport under krigsåra gav meirsmak for bergenske reiarar. DS Leda skulle få ei sentral rolle i mellomkrigstida cruise-trafikk. (Illustrasjon henta frå Sjøfartshistorisk årbok 2016).

Årbøker er ei underskatta kjelde til informasjon om gløymt historie. Sjøfartshistorisk årbok for 2016, som kom ut like før årsskiftet, fortel historien om ei ukjend side ved første verdskrigen – krigsåra då Bergen var internasjonalt knutepunkt i passasjer- og godstrafikken frå det europeiske fastlandet til Storbritannia og USA.

– Verken før eller seinare har Norge hatt ei viktigare rolle for internasjonal handels-, post og passasjerfart, hevdar artikkelforfattar Per Kristian Sebak som er direktør for stiftelsen Bergen Sjøfartsmuseum.

Nye rammebetingelsar
Krigsutbrotet 4. august 1914 endra rammebetingelsane for konvensjonell skipsfart mellom aust og vest nær sagt over natta. Til då hadde internasjonale avtaler med Storbritannia og Tyskland i førarsetet, regulert skipstrafikken og hindra bergenske og norske reiarlag å spela noko sentral rolle i global sjøfart.

Med Storbritannia og Tyskland på kvar si side i krigen, vart det fritt fram for andre aktørar.

Før krigen hadde Norge verdas fjerde største handelsflåte. Kvart femte norske skip hadde Bergen som heimeadresse. Leiinga i Det Bergenske Dampskibsselskab, saman med Nordenfjeldske i Trondheim og Den norske Amerikalinje, trengte ikkje lang tid for å oppdaga dei nye mogelegheitane som krigen opna for.

Stranda
Ei mengde personar ”stranda” utanfor heimlandet som følgje av krigsutbrotet. Eigde av ein nøytral nasjon kunne norske skip segla til land på begge sider av fronten. Dei første månadane vart det difor lagt stor innsats i å oppretta eit tilbod slik at desse kunne koma seg heim att.

Russland vart avstengt frå sine britiske og franske allierte. Kristofer Lehmkul, som då var direktør for Bergenske, bidrog til å sikra at det ganske raskt vart det utvikla ei rute med jernbane frå St. Petersburg (Petrograd) via Finland og Sverige til Bergen. Frå Bergen bar det vidare med skip.

Daglege avgangar
Daglege avgangar mellom Bergen og Newcastle og hyppige avgangar til New York i god avstand utanom dei krigførande sine minefelt sikra suksessen.

Bergen fekk ruta i konkurranse med Gøteborg, noko som bidrog til at transporten gjennom Sverige tok lengre tid enn naudsynt. Tog via Trondheim eller Narvik kunne ha redusert reisetida over land, men Lehmkul sitt nettverk av internasjonale agentar styrte dei reisande i retning Bergen.

I åra fram til 1917 reiste årleg oppimot 20.000 passasjerar årleg mellom Bergen og Newcastle om bord på Bergenske sine skip. Utanom nordmenn og andre skandinavar, var utgjorde russarar den største passasjergruppa. Engelskmenn og franskmenn var også rikt representerte på passasjerlistene.

Emigrantar og flyktningar
Nesten like mange reiste med Den norske Amerikalinje. Også her utgjorde russiske emigrantar ei stor gruppe. Mange av dei var jødar. Utvandra frå naud og fattigdom var det også mange finnar som ønska.

Ettersom krigen skreid fram, kom stadig fleire armenske og assyriske flyktningar med Bergensbanen, i håp om å koma seg over til USA,

Passtvang
Langt frå alle lukkast. Kravet om pass vart gjeninnført. Dei reisande måtte etterkvart også ha visum frå landa dei skulle reisa gjennom. Aukande redsle for spionar medverka til å gjera det vanskelegare å ta seg fram på tvers av grensene.

Rederia var ansvarlege for kven dei tok om bord. Openlys transport av soldatar og krigsmateriell var ulovleg og kunne ha sett heile trafikken i fare.

Emigrantar til USA måtte dokumentera at dei var friske og kunne brødfø seg sjølv.

Logistikken hindra
Bergen var ikkje førebudd på å verta transittby for så mange internasjonale reisande. Hotellkapasiteten var liten i utgangspunktet. Etter at Bergensbrannen i 1916 førte til at fire av dei største hotella i byen gjekk opp i røyk, auka kampen om sengeplassane.

Det var ikkje berre passasjerane som fann Bergen attraktiv som internasjonalt knutepunkt. Mengda med post og gods auka og veldig. Mangel på direkte kommunikasjon mellom jernbanestasjonen og utskipingskaien utgjorde eit logistikkmessig hinder som forseinka transporten.

Bråstopp
Oppsvinget i den internasjonale passasjertrafikken ut frå Bergen tok ein ende nesten like brått som det starta.

Då tyskarane erklærte uinnskrenka ubåtkrig i januar 1917, vart farvatnet kring Storbritannia i praksis stengt for passasjertrafikk. Då USA seinare på året gjekk inn i krigen på Storbritannia og Frankrike si side, var ingen nøytrale skip lenger trygge på verdshava.

Om ikkje ubåtane hadde sett ein bråstopp for passasjertrafikken, ville den russiske revolusjonen uansett ha redusert trafikken. Russland stengte grensa for reisande. Russland omfatta på den tida også Finland, slik at den til dø betydelege emigranttrafikken frå aust stoppa opp.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.