Uroleg for det politiske sjølvstyret

Organisasjonsstrukturen med fire hovudutval er sjølve grunnfjellet i Intensjonsavtalen for nye Øygarden. Daniel Victor Sandvik (FrP) kan ikkje forstå at nokon i det heile kan vurdera å halvera talet på hovudutval.

Fellesnemnda har ikkje mandat til å endra på innhaldet i Intensjonsavtalen. Talet på houvutval vart avgjort av politikarane i kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden, hevdar Daniel Victor Sandvik (FrP).

Daniel Victor Sandvik (FrP) er opprørt over forslaget frå Ernst Morten Einarsen (H) og underutvalet for politisk styringsstruktur om å endra organisasjonsstrukturen i nye Øygarden samanlikna med det som politikarane i tre kommunestyre har skrive under på i Intensjonsavtalen.

Les: Kuttar i intensjonsavtalen

Overordna føringar
Intensjonsavtalen, saman med Delingslova, legg overordna føringar for kva politikarane i Fellesnemnda skal jobba med, og kva som ligg fast frå kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden. At det skal vera fire hovudutval, er noko som ligg fast, slik Sandvik oppfattar det.

– Talet på hovudutval er ikkje noko Fellesnemnda har mandat til å rokka ved, hevdar Sandvik.

– Sjå her, her står det, seier Sandvik og viser til organisasjonsmodellen i Intensjonsavtalen. Då eg såg denne tenkte eg: Dei har skjønt det.

Organisasjonsstrukturen i nye Øygarden, med fire hovudutval, slik kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden har vedteke det i Intensjonsavtalen som ligg til grunn for den nye kommunen.

No er han ikkje så sikker lenger.

God-dag-mann-økseskaft
Grunna sjukdom deltok ikkje FrP på møtet i Fellesnemnda der underutvalet orienterte om planane om å utreda fleire organisasjonsmodellar. I dag stilte FrP-representanten spørsmål i Fellesnemnda om kva mandat underutvalet har til å gjera endringar i Intensjonsavtalen. Svaret frå leiar Kari-Anne Landro forklarte prosessen, men ikkje mandatet, slik Sandvik oppfattar det.

Les: Landro svarar Indrevik- to hovudutval betre enn fire?

Om to hovudutval vert den endelege konklusjonen når Fellesnemnda i april skal ha saka opp til endeleg avgjerd, er Sandvik alvorleg bekymra for den politiske styringa i nye Øygarden.

Svekka det politiske sjølvstyret
– To hovudutval vil svekka det politiske sjølvstyret. Politikarane skal representera innbyggjarane. Med så få politikarar i hovudutvala vil det verta forferdelig vanskeleg å få ein god representasjon med god lokalkunnskap, hevdar Sandvik.

– Arbeidsbelastninga og krav til breiddekompetanse hos dei attverande politikarane vil vera uforsvarleg, legg Sandvik til.

– To hovudutval vil krevja heildagspolitikarar med fagleg kompetanse på eitt eller fleire av områda utvalet skal arbeida med, skal dei kunna styra på ein god måte. Alternativet vert eit rådmannsstyre, der politikarane i realiteten delegerer makta til administrasjonen, fryktar Sandvik.

Som døme på kor ille det kan gå, viser Sandvik til Komité for plan og utvikling i Fjell der han tidlegare har vore leiar i to periodar.

– Vi hadde 1100 – 1200 sider dokument til møta. Det seier seg sjølv at det vart vanskeleg å setja seg inn i alt. Løysinga vart å endra delegasjonsreglementet. No får vi berre orienteringar frå administrasjonen om kva dei har gjort, beklagar FrP-representanten.

Presedens
Ein annan ting er presedensen ei slik endring av innhaldet i intensjonsavtalen vil medføra. Vert dette vedteke, vil det vera fritt fram for å endra også på andre punkt som dei tre kommunestyre har skrive under på i intensjonsavtalen, fryktar Sandvik.

-Kva vert det neste dei vil endra på, spør Sandvik?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s