Lang debatt – harde frontar

Alle fekk sagt kva dei hadde på hjarta då kommunestyret i Fjell diskuterte endringar i skulestrukturen.

Tilrådinga om å leggja ned Tellnes og Liljevatnet skular vart gjort mot røystene frå SotraLista, SV og FrP. (Arkivbilete – ikkje frå dagens avstemming)

At debatten tok nærare fire timar, førte likevel ikkje til nemneverdige endringar i posisjonane.

Les: Sparar Skålevik skule – kuttar i helse og omsorg

Tilrådinga vart ståande
Tilrådinga frå Komité for drift og forvaltning om å leggja ned Tellnes skule og Liljevatnet skule vert ståande. Begge punkta vart vedtekne med 25 mot 10 røyster (SotraLista, FrP og SV).

Mindretalet frykta at tilrådinga vert bindande, sjølv om endeleg avgjerd først skal takast i kommunestyret 26. april. Endeleg avgjerd føreset at rådmannen sine utgreiingar dokumenterer at nedleggingane faktisk vil føra til innsparingar i skuledrifta.

Innan den tid skal det også vera avklart kva skular elevane ved Tellnes og Liljevatnet skule skal sendast til.

Skålevik
Skålevik skule har mykje asbest, men kjem likevel truleg til å vera i drift inntil vidare.

Les: Åpent brev til ordføreren i Fjell kommune

Dersom drift av skulen kjem i strid med lovkrav, til dømes til arbeidsmiljø, og mindre vedlikehaldstiltak ikkje kan bøte på dette, skal skuledrifta straks avviklast.

For å sikra eit trygt skulemiljø, skal det gjennomførast jamnlege målingar av asbest i innemiljøet.

Ny skule på Skålevik må fremjast som eiga sak.

Les: Få svar på folkemøte om Skålevik skule

Ville utsetja
Mindretalet på ti stemte for Andreas Sjalg Unneland (SV) sitt forslag om at heile saka vart utsett til rådmannen kan leggja på bordet ein meir heilskapleg oversikt over mogelege innsparingar i kommunen. Dei ville også sjå skulestrukturen i samband med kommunesamanslåinga og i fellesskap med Sund og Øygarden.

Alternative innsparingar
SotraLista fremma eit alternativt forslag som innebar at Tellnes og Liljevatnet skular vert opprettehaldne, men at innsparingane vert tekne gjennom andre omplasseringar av elevar mellom skulane i Fjell. Forslaget fekk fem røyster.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.