-Burde heller ha konvertert gjeld til aksjar

Fleirtalet i kommunestyret i Fjell går inn for å betala 40 millionar for inntil 21,1 prosent av aksjane i Ågotnes Næringspark AS.

Omsynet til næringsutvikling på Ågotnes, kombinert med utsiktene til å få Bergen havn ut hit vart utslagsgjevande for 29 av dei 35 folkevalde som stemte for aksjekjøpet.

Les: Fjell vil kjøpa hamneaksjar

Verdien av å få eit offentleg havneanlegg på Ågotnes er det ingen i kommunestyret som tvilar på.

Det er likevel ikkje noko krav frå Bergen kommune at Fjell skal vera på eigarsida i Ågotnes Næringspark for at hamneaktivitetane skal flyttast ut hit, understreka Atle Justad (A).

Skepsisen som vart lufta i kommunestyresalet gjekk på økonomien i handelen, og vart fronta av SotraLista. 40 millionar er mykje pengar, no som kommunestyret nettopp hadde drøfta den dårlige økonomien i Fjell kommune, sa Jan Utkilen. Han var oppteken av kor dei 40 millionane skal hentast frå.

Les: Lang debatt – harde frontar

Konvertera gjeld til aksjar

Om Ågotnes Næringspark istaden hadde konvertert eindel av den uteståadne gjelda til Fjell kommune til aksjar, kunne Fjell ha kome inn på eigarsida, utan å belaste likviditeten med 40 millionar, hevdar Svein Bergh (SL).

Kvifor akkurat 40 millionar? Kvifor ikkje 30? Eller 20? spurte partikollega Svein Bergh.

– Fjell kommune har alt 75 millionar uteståande i Ågotnes Næringspark. Det må gå an å omgjera eindel av den uteståande gjelda til aksjar, utan store økonomiske utlegg for Fjell kommune, argumenterte Bergh.

Les: Ingen halleluja-stemning for kommunalt aksjekjøp

Reduser kontantbetalinga
SotraLista freista i staden å få fleirtalet med seg på å utsetja aksjehandelen. Kommunen kunne om ønskjeleg gå for eit mindre aksjekjøp no, til fem millionar.

Som del av avtalen vert det lagt opp til å utsetja nedbetalinga av kjøpet av ein tomt på 200 mål, frå 2023 til 2033.

– Det er seks år til avtalen går ut. Det kan skje mykje frå no og fram til 2023. Uansett vil vi ha lang tid til å reforhandla avtalen, hevda Bergh.

Ein dårlig deal
SotraLista var ikkje heilt aleine om å vera skeptisk.

– Ein dårlig deal for Fjell kommune, rakk Knut Thore Algrøy (KrF) å seia for han vart avbroten av Radio Sotra og ”Sweet Love of Mine”.

Teken av sensuren
Dei som følgte debatten i kommunetyret via lokalradioen opplevde fleire brot i sendinga. Algrøy sine kritiske spørsmål var noko av den informasjonen som vart teken av ”sensuren”.

– Det var teknologien som svikta. At det skjedde akkurat då, var heilt tilfeldig, forsikra redaktør Rolf Øvretveit.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s