Eldreverstingen Fjell

Fjell er framleis den kommunen i regionen som har færrast sjukeheimsplassar i prosent av talet på innbyggjarar over 80 år.

Fylkesmannen i Hordaland fryktar at heimetenestene i kommunane ikkje er rusta til å møta det ekstra presset. Arkivbilete (Atea).

Politikarane pratar om at vi må førebu oss på eldrebølgja. Statistikken frå fylkesmannen i Hordaland røper noko anna. Talet på institusjons- og heildøgnsbemanna bustadar i prosent av talet på innbyggjarar over 80 år sank frå 2015 til 2016.

Sjukeheimsplassar
Øygarden kjem best ut når det gjeld talet på sjukeheimsplassar. Her hadde dei institusjonsplassar til 22,2 prosent av innbyggjarane over 80 år. Tek vi med omsorgsbustadane, aukar dekninga til 25 prosent av aldersgruppa.

Verst er situasjonen i Fjell. Vekstkommunen ser seg berre råd til sjukeheimsplass til 8,8 prosent av innbyggjarane over 80 år. Tek vi med talet på omsorgsbustadar, vert tilbodet utvida til å omfatta 21 prosent av aldersgruppa.

Hjå fylkesmannen fryktar dei at heimetenestene ikkje er utbygde til å møta det ekstra presset.

Best dekning
Askøy er den kommunen i regionen med best dekning, ser vi talet på sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar under eitt. Kommunen har eit tilbod til heile 38 prosent av innbyggjarane over 80 år.

Mange omsorgsbustadar er forklaringa. Verd å merkja seg er det at Askøy også har meir enn dobbelt så mange sjukeheimsplassar i prosent av talet på innbyggjarar over 80 år samanlikna med Fjell.

Tilskot
For kommunar som ønskjer å satsa er det pengar å henta. Husbanken gav i fjor tilsegn om 42,5 millionar i tilskot til 12 nye omsorgsbustadar i Fjell og 20 i Sund.

Året før henta Fjell 68,7 millionar i tilskot til Lokalmedisinsk senter og 12,3 millionar til ni omsorgsbustadar i Straumehagen. Askøy fekk tilsegn om 13,1 millionar til 15 omsorgsbustadar på Tveit.

Les: Lokalmedisinsk senter tek form

Les: Rullestolbrukar feira nyttår i eigen leilighet

Dekkar inntil 55 prosent
Husbanken yter tilskot til kommunar som ønskjer å byggja eller rehabilitera sjukeheimar og omsorgsbustadar. Gjennom denne ordninga kan kommunane få dekka heile 45 prosent av kostnadane til ein omsorgsbustad. I 2018 betyr det inntil 1,452 millionar i tilskot.

Vel kommunane istaden å byggja sjukeheim, tek staten heile 55 prosent av rekninga. I 2018 vert det maksimale tilskotet 1,774 millionar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.