Folkeveksten er talet ”alle” som er opptekne av Fjelløkonomien spent ventar på.

Fredag fekk vi svaret frå SSB. 25.725 fjellsokningar ved årsskiftet innebar at vi i fjor vart heile 521 nye fjellsokningar. Noko som tilsvarar ein folkevekst på heile 2,1 prosent.
I 2016 var folkeveksten 1,3 prosent, i 2015 1,8 prosent. Den fleireårige negative utviklinga ser ut til å ha snudd.
Tilflyttarkommune
At unge familiar med framtidstru fødde 191 fleire ungar enn det døydde eldre, hjalp godt på.
Det er likevel som tilflyttarkommune, hovudsakeleg frå andre stader i Norge, at største veksten kom. Mange flyttar hit, og mange flyttar ut. Rekneskapen viser at 332 fleire valte å flytta hit, enn som sende flyttelasset ut av kommunen.
Fjell tok alt
Fjell tok så og seia heile fokeveksten i nye Øygarden kommune. Med eit fødselsoverskot på 34, og ei netto utflytting på åtte personar, auka folketalet i Sund med 27 personar i fjor.
35 fleire nyfødde enn døydde i Øygarden monna lite. 70 fleire valde å flytta vekk enn som flytta til kommunen. Resultatet vart ein reduksjon i folketalet med 36 personar.
37.000
Då nyttårklokkene ringte året inn, hadde dei tre kommunane ei samla folkemengde på 36.937 personar.
Truleg passerer nye Øygarden i desse dagar 37.000 innbyggjarar.
Askøy hadde til samanlikning ein folkeauka på 250 personar, eller 0,9 prosent i 2017.
Yngste innbyggjarane
Fjell er framleis den kommunen som har dei yngste innbyggjarane. Personar over 67 år utgjer 11,04 prosent av den samla folkemengda. I Sund utgjer seniorane 13,2 prosent av innbyggjarane, og Øygarden er andelen 17,08 prosent.
2 Comments