Difor er folkevekst så viktig

Både politisk og administrativt i Fjell kommune vert auke i folketalet sett som positivt for utviklinga av kommunen i eit langsiktig perspektiv.

Heine Kleppe er nestleiar på økonomiavdelinga. Her frå eit møte i Gebyrutvalet, der han er sekretær.

Nettavisa Tunnelsyn har bedt økonomane på Rådhuset utdjupa kva det betyr for Fjell at folkeveksten no igjen ser ut til å stiga.

Les: Fjell tok heile folkeveksten

Denne tilbakemedlinga har vi fått frå Heine Kleppe, nestleiar på økonomiavdelinga.

Det økonomiske grunnlaget
Vekst i folketal vil gje kommunen auka skatteinntekter og auka rammetilskot frå staten. Skatteinntektene utgjer om lag 38 prosent av kommunen sine samla inntekter. Rammetilskottet utgjer om lag 30 prosent av kommunen sine samla inntekter, og inkluderer vekstilskottet. Det siste er eit tilskott som vert gjeve til kommunar som har hatt ein folkevekst på over 1,4 prosent i snitt dei siste tre åra.

1,4 prosent over tre år
Kravet til 1,4 prosent i snitt over tre år er absolutt. Med ein folkevekst på berre 1,3 prosent i 2016 kunne det sjå spøkje ut for veksttilskottet. Med tala for 2017 er den bekymringa rydda av vegen.

Grunnlaget for rammetilskottet er folketalet per 1. juli året før budsjettåret. Dersom folketalsutviklinga i Fjell held fram gjennom første halvår 2018, vil det får positiv innverknad på veksttilskottet for 2019.

Veksttilskott
Vekst i folketalet gjev og eit press på kommunen sin økonomi gjennom auka etterspurnad etter kommunale tenester. Aldersprofilen i folkeauken bestemmer i hovudsak kva type tenester som vil verta etterspurt. Kvar i kommunen folk buset set og kvar dei arbeidar vil og har innverknad på korleis reknestykke fell ut for kommunen i høve produksjon av kommunale tenester.

Kostnadsauken kjem før inntektsauken, noko som var hovudgrunnen til at ordninga med veksttilskott vart etablert.

Økonomisk handlefridom
Det som kan seiast er at auka skatteinntekter gjev auka økonomisk handlefridom for kommunen. Auka rammetilskot kjem seinare enn dei utgiftene kommunen får som følgje av auka folketal og dermed auka etterspørsel etter kommunale tenester.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.