Ventar ikkje på Sotrasambandet

200 av dei oppimot 700 bustadane i Branndalsåsen på Bildøy vil få vegutløysing mot Bildøyvegen og Bjørkestølen.

Den nye busetnaden i Branndalsåsen vil koma oppe på flata. Lauvtrevegetasjonen i sjøkanten vil verta skjerma for utbygginga.

Det er Altus Eiendom og Ernst Morten Einarsen (H) som står bak planane om den omfattande blokkutbygginga på vestsida av Straumsundet.

Det 114 mål store området skal verta heimstad for 1.500 – 1.600 personar, i 500 – 700 bustadar, når det står ferdig utbygd. Busetnaden vil verta konstrert til sju delfelt, som kan byggjast ut kvart for seg. I nord vil det koma eit sentrums- og næringsområde med butikk og kafe.

Skjermar Straumsundet
Planen legg opp til å skjerma den noverande lauvtrevegetasjonen ned mot Straumsundet. Det verkar og som om utbyggjar har lytta til merknadane frå Brukarane av Straumsundet, Fjell Båtlag og Bildøy Hyttelag om å unngå ytterlegare utbygging i Straumsundet.

Rekkefølgjekrav
Branndalsåsen vert tenkt som ei forlengjing av Sotra Kystby. For at publikum skal oppleva at dei bur innanfor grensa til 10-minuttersbyen, er det å få på plass ei gang- og sykkelbru over til Straume Sjøfront og med tilkomst til anleggstunnelen til Sartor Senter eit sentralt rekkjefølgjekrav.

Frå Bildøyvegen
Utbyggjar har det travelt. Då arbeidet med planen tok til i 2013, var kravet at utbygginga får venta til nye Sotrasambandet står ferdig, slik at området kunne få direkte avkøyrsle til nye R555. Nå føreslår Altus Eiendom i staden at dei 200 første bustadane heller bør få tilkomst frå Bildøyvegen.

Dobla trafikkbelastning
Med 400 personar og eit snitt på 3,8 personreiser dagleg, vil desse første 200 bustadane generera eit dagleg reisebehov på kring 1500 reiser. Vert 75 prosent av reisene utført med bil, noko som er vanleg i Fjell, vil det dobla trafikkbelastninga i den smale og svingete Bildøyvegen samanlikna med i dag.

Gamle Straumsbru vil verta ein mykje nytta snarveg frå bustadane i Branndalsåsen til Sartor Senter. Det vert likevel ikkje lagt opp til å utbetra den snart 100 år gamle brua som berre har eitt køyrefelt.

Det vert ikkje lagt opp til å utbetra Gamle Straumsbru.

Les: Fryktar auka gjennomgangstrafikk gjennom Bildøyvegen

Områdeplanen for Branndalsåsen skal opp til første gongs behandling i Komite for Plan og utvikling tirsdag neste veke. Rådmannen tilrår at planen vert lagt ut på høyring.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.