Negativ K2-rapport om CO2-fangst

Staten vil måtta bidra med ein stad mellom ni og 15 milliardar kroner i støtte, skal planane om eit fullskala kjede for handtering av fangst, transport og lagring av CO2 i tilknyting til CCB Kollsnes sjå dagens lys.

Utsiktene til spreiing av norskutvikla teknologi for fangst, tranport og lagring av CO2 i storskala internasjonalt vil vera det som kan vippa Stortinget si investeringsbeslutning i favør av CCB Kollsnes. (Arkivfoto: Øygarden kommune)

 

 

Det framkjem av kvalitetssikringsrapporten (KS2) som Oslo Economics har utarbeida på oppdrag frå Olje- og energidepartementet og Finansdepartementet, og som vart offentleggjort fredag.

Les: Folkemøte om karbonfangstmottak

Samfunnsøkonomisk ulønsamt
Rapporten konkluderer med at det skisserte prosjektet, der CCB Kollsnes er tiltenkt ei viktig rolle, manglar mykje på å vera samfunnsøkonomisk lønsamt. Med den føreslegne løysinga vil det kosta 5000 kroner å fanga, transportera og lagra eitt tonn CO2 permanent. Kvoteprisen på CO2 utgjer for tida til samanlikning kring 9 euro.

Det er Statoil, Shell og Total som står bak den kommersielle satsinga.

Les: CO2-mottaksanlegg til CCB Kollsnes

Prosjektet legg opp til at CO2 skal fangast frå avgassar ved fire store industrianlegg på Austlandet, fraktast med skip til CCB Kollsnes og deretter transporterast i rør på havbotnen for permanent lagring i ein undersjøisk formasjon ved Trollfeltet i Nordsjøen.

Kostnadshopp
Kostnadane har gått opp på fleire område sidan KS1 vart offentleggjort. Framleis er det stor usikkerhet knytt til det endelege reknestykket.

Avhengig mellom anna av valet av fangstaktør, har Oslo Economics utarbeida to reknestykke, som viser spennet i det statlege investeringsbehovet i perioden 2020 – 2028.

Største investeringane vil måtte gjerast dei tre første åra, med ein topp på inntil 3,7 milliardar i 2021. Fordelt over heile perioden ser det ut til at rekninga til Staten kan enda ein stad mellom ni og 15 milliardar.

Kostnadskutt?
Dersom initiativtakarane klarar byggja opp eit internasjonalt miljø kring fangst-, transport og lagring av CO2 som gjer det aktuelt å bruka norskutvikla teknologi til å reisa tilsvarande anlegg, men til lågare pris, vert det vurdert å vera ein suksessfaktor som kan gjera reknestykket noko meir politisk akseptabelt.

Rapporten tek ikkje stilling til i kor stor grad det er grunn til å tru at Norge kan lukkast med utviklinga av ein slik disruptiv teknologi.

Det er Stortinget våren 2019 som skal vedta eller skrinleggja vidareføringa av den norske månelandinga.

Olje- og energiministrer Terje Søviknes la fram rapporten i går, utan kommentarar.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.