Freistar med gratis tomt til ny Sotra vidaregåande

Heile seks tomtar kan vera aktuelle for lokalisering av ny Sotra vidaregåande skule i Straumeområdet.

Plasseringa av dei seks tomtealternativa, samanlikna med framtidig kollketivterminal, Sotra Arena og dagens vgs på Bildøy. Avstad mellom dei grøne sirklane er 500 meter.

Det framkjem av eit notat til møtet i Regionrådet vest neste veke.

1.100 elevar
Fylkestinget i Hordaland har vedteke å samlokalisera dei to avdelingane til Sotra vidaregåande skule sentralt i Straumeområdet frå 2024. Den nye skulen skal ha plass til kring 1.100 elevar. Vesentleg fleire enn det er ved dei to avdelingane i dag, men likevel færre enn det elevtalsprognosene for 2030 legg opp til.

For å kunna samla alle naudsynte funksjonar på en stad, vil det vera behov for ein tomt på kring 16 mål. Samla kostnad for det 15.700 kvadratmeter store bygget er kalkulert til 660 millionar kroner.

Det vert føresett at skulen kan leiga kapasitet ved nærliggjande idrettsanlegg.

Seks alternativ
Heile seks tomtar i Straumeområdet oppfyller fylkestinget sine krav til storleik og til plassering i tilknyting til kollektivknutepunkt for det nye Sotrasambandet,

Eit viktig spørsmål å ta stilling til ved val av lokalisering, er i kva område ein politisk ønskjer å stimulera til nærings- og byutvikling – mot vest eller nord-sør? spør spesialrådgjevar Svein Fjelland som har skrive notatet.

Liegruppen AS gjekk tidleg ut på banen for å selja inn eit område i tilknyting til Sotra Kystby på Nordre Bildøy som aktuell lokalisering. Eit kunnskapssenter nord for nye Sotrasambandet vil for dei verta avgjerande for å koma i gang med verkeleggjeringa av verksemda sine storstilte utbyggingsplanar for området.

Les: Liegruppen vil ha ny vidaregåande skule på Bildetangen

Gratis tomt
I håp om å koma til forhandlingsbordet med fylkeskommunen, freistar Liegruppen no like godt med gratis tomt til den nye skulen.

– Vi ønskjer å få lokaliseringa av den nye skulen vurdert utan at det økonomiske skal forstyrra vurderinga, seier eigedomssjef Roy-Eddy Lie i Liegruppen AS til nettavisa Tunnelsyn.

Lie avviser at dette berre er eit taktisk utspel.

Eigedomssjefen har ikkje gjort noko vurdering av kva ein slik tomt kan vera verd. Sjølv utan takst kan han likevel slå fast at ei tomt på 16 mål i det framtidig sentrumsområdet på Nordre Bildøy vil vera verd ein heil del.

Nærleiken til idrettsanlegga i tilknyting til dagens skulesenter er eit anna sterkt kort som Lie framhevar.

Skyss-stasjonen
Ved å tilby vederlagsfri tomt, vil Liegruppen sitt område på Nordre Bildøy kunna vurderast opp mot område som fylkeskommunen alt eig, tenkjer Lie.

Då er det Skyss-stasjonen på Straume han først og framst har i tankane.

To andre av dei aktuelle områda ligg like i nærleiken; området som vert planlagt fyllt ut Stovevatnet i samband med Sotrasambandet, og eit område like vest for rådhuset i Fjell. Begge desse vil verta eigde av Fjell kommune.

Gangavstand til alt
Dei to siste av dei aktuelle områda, ifølgje notatet, ligg i aksen sørover mot Sotra Arena.

På sørsida av Arefjordvegen, like ved treningssenteret, ligg det eit område med gåavstand både til kollektivterminalen og til Sotra Arena. Området vert eigd av Svein Lillebø og Brødrene Ulvesth AS.

Lengre å gå til kollektivterminalen vert det frå området Solli Eigedom AS og Sven Rune Bøe eig like søraust for Sotra Arena. Lågare tomtepris enn for dei meir sentrale tomtane i Straume-området kan vera ein fordel med denne lokaliseringa.

Det er fylkestinget som til hausten skal gjera endeleg val av tomt til ny Sotra vidaregåande.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s