Krev full gjennomgang av pengebruken i Askøypakken

Etter påstandar på Facebooksida til ”Askøypakken krone for krone” om at bompengane i Askøypakken har gått med til andre ting enn berre veg og asfalt, valde kommunestyret i Askøy å krevja full gjennomgang av pengebruken.

– Ubehagelege rykte å verta konfrontert med, hevda Siv Høgtun (H). Bilete frå Askøy kommune si overføring av kommunestyret på Facebook.

Askøypakken skal finansiera ei høgst naudsynt og lenge etterlengta oppgradering av delar av vegnettet på Askøy. Så langt har kostnadane eskalert, samstundes som bompengeintektene har sunke.

Les: Kan det henda her?

For å sikra naudsynt finansiering fann kommunestyret det i går naudsynt å forlengja bompengeperioden med inntil fem år.

Mat og drikke
Men bompenane har ikkje berre finansiert planlegging og bygging av vegar og legging av asfalt. Bompengane har mellom anna gått med til prosjektsamlingar, lunsjar og middagar med drikke for inntil 30 personar, har ”Askøypakken krone for krone” hevda på Facebooksida si.

Få ting opptek asketappane meir enn Askøypakken og bompengane. Den offentlege Facebook-gruppa har over 5.000 medlemmar.

Jan Atle Jensen (Dem) tok opp saka i kommunestyret, og bad om at internrevisjonen i Statens vegvesen får i oppdrag å avklara kvar bompengane har teke vegen.

Ubehagelege rykter
– Ubehagelege rykter. Det framstår jo som om dei veit meir enn oss politikarar. Dette må vi til botnen i, hevda Siv Høgtun (H).

Facebook-gruppa har fått tilgang til informasjonen om den ekstraordinære pengebruken gjennom å be om innsyn hos Statens vegvesen og Hordaland fylkeskommune, tenkjer varaordførar Bård Espelid (AL). Han støtta fullt opp om forslaget om at kommunestyret må få ei eiga sak, ikkje berre på kostnadsbruken, men og på planlagte delprosjekt i Askøypakken.

Utgreiinga bør vera klar til kommunestyret sitt aprilmøte, lova rådmann Eystein Venneslan.

Advertisements

3 Comments

  1. Og på toppen av alt: Siv Høgtun er medlem i gruppen «Askøypakken krone for krone. Det fremstår som en selvmotsigene interesse.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s