Slutt for «Armar&Bein Rekneskap»

Leiinga for Medio Regnskap AS kjem i dag til å be om Bergen Tingrett om å slå verksemda konkurs.

Dette framkjem av eit brev leiinga i Medio Regnskap AS har sendt verksemda sine kundar.

Mangla kvalifikasjonar
Medio Regnskap AS overtok i fjor haust kundeporteføljen til regnskapskontoret MHK Vest AS på Kolltveit. Det har i ettertid vist seg at dagleg leiar i MHK Vest mangla dei kvalifikasjonar som krevst for å driva eit rekneskapsbyrå. Noko som mellom anna førte til at fleire av kundane har fått problem med Skatteetaten og andre offentlege instansar. Ho er no varetekstfengsla i ei anna sak.

Dårleg ivaretekne
Mange av kundane har opplevd at dei har blitt dårleg ivaretekne av Medio Regnskap. Fleire kundar har skifta over til andre rekneskapsførar avdi lovpålagte rapporteringsfreistar ikkje har blitt haldne. I eindel tilfelle har kundane sjølv måtta kontakta offentlege instansar for å be om utsetjing.

Utan ansvar
Medio Regnskap AS har slite med å få forståing hos kundane for at dei berre overtok kundeporteføljen frå MHK Vest, utan noko ansvar for dei problema som verksemda har påført kundane.

Nettavisa Tunnelsyn kjenner til at det i fleire tilfelle har oppstått diskusjonar om korvidt retting av tidlegare feil skulle fakturerast. Mange kundar har late vera å betala.

Uteståande ved konkursen er 1,33 millionar, ifølgje Medio Regnskap sine eigne opplysningar.

Nytt selskap
Dagleg leiar Svein-Hugo Adolfsen og styreleiar Linn- Cecilie Johansen Romundset har alt oppretta eit nytt selskap, Medio Consulting, med adresse i Fusa, som dei no freistar å selja inn til tidlegare kundar.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.