Det er fleire enn ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden som bør ha eit ord med i tilrådinga om kvar nye Sotra vidaregåande skule skal lokaliserast…

Spørsmålet om lokaliseringa av den nye Sotra vidaregåande skule stod på dagsorden i Regionrådet Vest i dag. I eit notat fekk dei tre ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden presentert seks alternative tomteval i Straumeområdet.
Les: Freistar med gratis tomt til ny Sotra vidaregåande
Noko avgjerd i tomtespørsmålet vart det ikkje på dagens møte i Regionrådet.
Mange fjellsokningar er opptekne av spørsmålet om lokalisering av den nye Sotra vidaregåande. Temaet kom opp så seint som på siste møtet i kommunestyret i Fjell, seier Marianne Sandahl Bjorøy.
Tenk kunnskapsklynge
Ein må sjå utover sjølve skulen og det arealbehovet han vil ha. Visjonen av den framtidige kunnskapsklynga i Straumeområdet byrjar etterkvart å verta såpass konkret, at det vil vera naturleg at prosjektgruppa som arbeider med kunnskapsklynga bør få uttala seg om tomtevalet. Slik vil ein kunna unngå å velja ein tomt som ikkje er eigna med tanke på verkeleggjeringa av kunnskapsklynga, hevda Børge Haugetun.
Det bør uansett vera fleire enn oss tre ordførarane som bør uttala oss, samstemte Kari-Anne Landro.
Ei sak for Fellesnmenda
Som vertskommune er det Fjell som vert planmynde. Skulen kjem etter alt å døme ikkje til å stå ferdig før i 2024/2025, og då vil det vere Nye Øygarden som gjeld. Fellesnemnda bør difor få uttala seg i saka, vart dei tre ordførarane samde om.
Fleire av tomtevala vil vera avhengig av framdrifta i det nye Sotrasambandet. Å få avklart korvidt det vil vera mogeleg å koma til og arbeida på dei aktuelle tomtane før det nye Sotrasambandet står ferdig, vil vera eit anna sentralt punkt i vurderingane.
Rekka freisten
For at alle skal få uttalt seg, og ein framleis skal rekka freisten som fylkeskommunen har sett, skal notatet no først til prosjektgruppa, deretter til Regionrådet og så til Fellesnemnda i siste møtet før sommarferien.
Formelt sett er det Hordaland fylkeskommune, som byggherre, som skal avgjera tomtevalet. Dei har likevel overlate til Fjell å koma med innspel i saka, før endeleg avgjerd i fylkestinget i oktober.