Vi vert stadig meir internasjonale

Etter eit tiår der innvandring har stått for den vesentlegaste delen av folkeveksten, er kommunane vestom Bergen blitt meir internasjonale.

Arbeidsinnvandrarar frå andre land i Europa utgjer største kjelda til innvandring i tre av dei fire kommunane vestom Bergen.

Høgast andel innvandrarar har dei i Sund. Her har snart 13 prosent av innbyggjarane røtene sine i ein annan kultur, ifølgje SSB.

898 personar med adresse i Sund er enten fødde i eit anna land, eller har foreldre som er fødde utanfor Norge. Eit klart fleirtal er innvandra frå Europa, EU/EØS eller USA.

Ser vi på dei norskfødde med innvandra foreldre, er det landa utanfor Europa som står for største folkeauken.

Les: Fjell tok heile folkeveksten

Frå Europa
I Fjell har 2901 personar utanlandsk bakgrunn, tilsvarande vel 11 prosent av innbyggjarane. Også her er det europeiske land som dominerer innvandrarstraumen

Øygarden er einaste kommunen der innvandra frå land utanfor Europa er i fleirtal. Av dei 548 innvandra, har 249 bakgrunn frå europeiske land.

Askøy skil seg ut som den kommunen vestom Bergen der lågast andel av innbyggjarane har røtene sine i andre land. 2829 personar med innvandrarbakgrunn utgjer under 10 prosent av det samla innbyggjartalet.

Under snitt
Samtlege kommunar vest for Bergen har ein innvandrarandel som er lågare enn det som er vanleg i norske kommunar.

Fordelinga av innvandrarane i norske kommunar varierer veldig. Snitt for norske kommunar er ein innvandararandel på 14 prosent.

I Oslo utgjer dei 222800 personar, eller heile 33,1 prosent av folketalet, ifølgje SSB.

Les: Kvar tiande Sotrastril er fødd i utlandet

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.