Kystområda kring Sotra er markert med raudt på fiskeriminister Per Sandberg sitt kart over område der lokale havbruksverksemder har forbod mot vekst.

Med ein omsetnad på 4 milliardar kroner, 500 tilsette og om lag like mange indirekte berørte arbeidsplassar har havbruk på kort tid markert seg som ei sentral næring i Nye Øygarden.
Les: Fisk slo olje – dei største verksemdene i Nye Øygarden
Verda etterspør i stadig større grad norsk laks. Oppdrettarane vil gjerne ekspandera, men lakselus, rømming og smittsame virussjukdomar stikk kjeppar i hjula. Ein dødelegheit på oppimot ti prosent i einskilde område uroar forskarar, fiskeriminister Per Sandberg og, ikkje minst, havbruksnæringa sjølv.
Raudt lys
I håp om å få bukt med problemet, og få næringa sjølv til å ta tak, innførte fiskeriminister Per Sandberg i fjor haust den kontroversielle ”trafikklysordninga”. Norskekysten er delt inn i 13 soner, der risikofaktorane i kvar einskild sone er analysert.
Les: Sandberg lyser krig mot lakselusa
Kystområda kring Sotra er ei av to soner langs Norskekysten som er markert med raudt på fiskeriministeren sitt kart. Det vil seia at risikofaktorane her vert vurderte å vera så høge at havbruksanlegga i området ikkje vil få lov til å utvida konsesjonane. Tvert om vil dei frå neste år av måtta redusera volumet i merdene med inntil seks prosent.
Les: Regjeringen skrur på trafikklyset
Pilotstudie for lukka anlegg

-Ein dødelighet på oppimot 10 prosent tilseier at næringa i dag ikkje er bærekraftig, seier dagleg leiar Sigmund Kvernes i Gode Sirklar.
Under gårsdagens møte i Regionrådet Vest inviterte han politikarane i Fjell, Sund og Øygarden til å vera med og støtta opp under ein pilotstudie for utforsking av nye driftsformar for lakseoppdrett.
Lukka anlegg kan vera svaret, trass i at bransjen sjølv er skeptisk, tenkjer Kvernes.
Forskingsmidlar
Ei breidt forskingssamarbeid der Havforskinga, Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Hordaland fylkeskommune og kommunane sjølv spelar på lag med oppdrettsnæringa vil stilla sterkt i konkurransen om forskingsmidlar, seier Sintef-leiaren.
Fjell, Sund og Øygarden mottok i fjor over 900.000 kroner frå Havbruksfondet.
6 Comments