Opna sykkelbyen

Potensialet for å få Sotrastrilane til å sykla meir er stort. Fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF) håpar sykkelparkeringshuset på Straume vert ei praktisk løysing som vil fungera i kvardagen.

Frå opninga av sykkelparkeringshuset: Fh: fylkesvaraordførar Pål Kårbø (KrF), ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell og Sindre Lillebø i Statens vegvesen.

Sotrastrilen skal sykla meir. Den ambisiøse mobilitetsplanen for Sotra Kystby vart i dag følgt opp med underteikninga av ein sykkelavtale mellom Fjell Kommune, Hordaland fylkeskommune og Statens vegvesen.

Les: Plan for ein «bilfri» kystby

Dette er den tredje sykkelavtalen i Hordaland, etter Bergen og Stord, ifølgje fylkesordførar Pål Kårbø (KrF).

Avtaleunderteikninga skjedde i samband med den høgtidelege opninga av sykkelparkeringshuset på Straume.

Praktiske løysingar
– Potensialet for å få Sotrastrilane til å sykla meir er stort, føresett at det vert lagt til rette med praktiske løysingar som fungere i kvardagen til brukarane. Sykkelsparkringshuset på Straume skal gjera det einkelt å sykla til bussterminalen og ta bussen vidare, seier Kårbø.

– Eit kjempebra tilbod. Her står sykkelen trygt! Knut Thore Algrøy syklar kvar dag frå Kubbedalen til Straume for å ta bussen til Byd´n. Han er ein av dei som lenge har etterlyst eit sykkelparkeringshus i tilknyting til bussterminalen.

– Ein etterlengta dag. Fjell kommune har fått fleire spørsmål om når bygget opnar, så vi veit det er eit faktisk behov, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell.

– Eit trinn i retning av Sotra sykkelby, proklamerte Sandahl Bjorøy.

Arven etter Sykkel VM
Sykkelparkeringshuset representerer arven etter Sykkel VM. Her er det plass til 38 syklar bak låste dører.

Alle som vil kan parkera sykkelen her. For å opna døra er det nok å visa bankkort. Noko periodebilett er ikkje eit krav.

Investeringa på ein halv million vert delt mellom Fjell kommune og Hordaland fylkeskommune.

Tre prosent
Berre kring tre prosent av alle reisene i Bergensregionen skjer i dag med sykkel. Det trass i at 30 prosent av reisene er kortare enn tre kilometer, ifølgje Kårbø.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s