SotraLista sparkar framleis

Årsmøtet 2018 vart eit skjebnemøte for SotraLista.

Må henta minst tredelen av kandidatane frå Sund og Øygarden. Ordørarkandidat Jan Utkilen, nestleiar Jan Estensen og leiar Svein Bergh fekk årsmøtet med seg på å stilla krav til vidare politisk aktivitet.

SotraLista har vore i hardt ver før. Under årsmøte i kveld, var framtida til den politiske bygdaliste enno ein gong viktigaste punktet på dagsorden.

Den nye kommunen snur opp-ned på den politiske situasjonen, men det opnar også for nye mogelegheiter. Klarar SotraLista utvida posisjonen som fjerde største partiet i Fjell til også å omfatta Sund og Øygarden ved kommunevalet i 2019? var eit sentralt spørsmål som årsmøtet måtte ta stilling til.

Tredelen frå Sund og Øygarden
– Det manglar ikkje på gode saker, sjå berre på Skålevikskulen. Utan SotraLista sin innsats hadde den blitt lagt ned. I den nye kommunen får vi nye utkantar som vil trenga ei liste som kan kjempa deira sak, og som ikkje berre sørgjer for det som skjer på Straume, meinte Elna Nybakk.

– Vi må klara å henta minst tredelen av dei 45 namna som skal stå på røysteseddelen frå Sund og Øygarden, elles har vi ingen sjanse, hevda ordførarkandidat Jan Utkilen.

-SotraLista bør klara få inn fem – seks representantar i det nye kommunestyret, hevdar ein optimistisk Utkilen.

Frykta er å få inn nokre få representantar, men ikkje koma i posisjon til å delta i formannskap og komitéar der dei sentrale politiske drøftingane føregår.

Vera eller ikkje vera

-SotraLista bør klara få 5 – 6 representantar i det nye kommunestyret, hevdar ordførarkandidat Jan Utkilen.

Mobilisering i Sund og Øygarden vert eit vera eller ikkje vera for SotraLista.

Partiet sin sjølvsagte ordførarkandidat, Jan Utkilen, gjorde framlegg om at partiet stiller liste ved kommunevalet i 2019, føresett at dei klarar rekruttera nok sterke namn frå Sund og Øygarden.

SotraLista tek sikte på å vera siste partiet som gjennomfører nominasjonsmøte neste vår. Innan 1. mai neste år må partiet ha kome opp med forslag til kandidatliste. Klarar dei ikkje oppfylla føresetnaden om minst ein tredel frå Sund og Øygarden, vert partiet lagt ned, vart eit samrøystes årsmøte samd om.

Strategigruppe
-Vi har ein jobb å gjera. Korleis skal vi gjera det, spurte Svein Bergh?

For å finna svar på spørsmålet, nedsette dei ei eiga strategigruppe med Hege Misje, Kjell Rune Garlid og Benedicte Bjelland.

Det vart ikkje halde val av nytt styre. I påvente av ein avklaring, vil det noverande styret helda fram.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.