Underteikna digital samarbeidsavtale

Det var nærast hallelujastemning då ordførarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy i dag var med på å skriva under samarbeidsavtalen om å utvikla felles offentlege digitale tenester til innbyggjarane.

Smilande ordførarar: fv. Kari-Anne Landro, (Sund), Jon Askeland (Radøy), Marianne Sandahl Bjorøy (Fjell), Øyvind Oddekalv (Meland), Børge Haugetun (Øygarden), Marie Bjelkarøy (Os), Atle Kvamme (Fusa), Astris Aarhus Byrknes (Lindås), Terje Mathiassen (Askøy) og Dag Inge Ulstein (Bergen)

Med i det regionale samarbeidsprosjektet er også Bergen, Os, Fusa, Radøy, Meland og Lindås.

– Slik kan vi gje innbyggjarane våre tilgang til tenester dei elles ikkje ville ha fått. Det ville ha vore frykteleg tungt å utvikla slike digitale tenester på eiga hand, seier ordførar Kari-Anne Landro i Sund i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.

Ordførarkollega Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell er veldig glad rådmennenene i regionen tok grep, og snudde den politiske skepsisen då invitasjonen frå Bergen om digitalt samarbeid kom for to år sidan.

Les: Bergen på digital friarferd

I front

– Eit nasjonalt førebiletet, seier statssekretær paul Chaffey i Kommunal og moderniseringsdepartementet om det regionale digitalseringssamarbeidet i Bergens-regionen.

– Dette er historisk. De er dei som har kome lengst i landet når det gjeld planane for digitalisering av offentleg sektor, helsa statssekretær Paul Chaffey i Kommunal og moderniseringsdepartementet ordførarar og rådmenn frå dei ti kommunane.

Resten av landet vil ha mykje å læra av korleis vi har gjort det i Bergensområdet, ser statssekretæren for seg.

Mi side

Litt uvant for politikarane å setja signaturen sin på ein interaktiv skjerm. Her Terje Mathiassen (Askøy).

Samarbeidet vil bana veg for utvikling av funksjonelle og effektiviserande dataløysingar som kan kommunikasjonen mellom innbyggjarane og det offentlege. Samstundes skal det verta einklare å søkja om offentlege tenester, og gje meldingar til ulike fagavdelingar i kommunane.

Noko av det første som kjem vert at kvar innbyggjar får si eiga ”Mi side” på kommunen sine heimesider. Her skal innbyggjarane kunna logga seg på, søkja om tenester og få oversikt over status på alle søknadar, seier digitaliseringsdirektør Kjetil Århus i Bergen kommune.

Helse, sosial, barnevern og byggesak er andre fagområde der det vert jobba for å utvikla effektiviserande løysingar.

Nedanfrå
Dette er eit initiativ som kjem nedanfrå. Det er ikkje Statleg styrt, understrekar Chaffey.

– Det sit mange flike fagfolk kringom i kommunane. Fagfolka kjenner behova til innbyggjarane. Ved å samla fagfolka har vi fått til eit kraftfullt utviklingsmiljø, rosar Århus.

20 kroner per hovud
Staten har til gjengjeld gått inn med 125 millionar kroner i utviklingsstøtte til gode prosjekt gjennom ordninga Digifin. Beløpet føreset at KS og kommunane yter minst like mykje.

Kvar av deltakarkommunane har så langt bidrege med 20 kroner per innbyggjar. Hordaland fylkeskommune har gjeve fem kroner per innbyggjar.

Alle skal med
Samtlege av dei ti kommunane som er med i det regionale digitaliseringsprosjektet er inne i ein kommunesamanslåingsprosess. Om to år vil dei vera store kommunar med meir enn 25.000 innbyggjarar.

Men samarbeidet stoppar ikkje der. Også dei andre, mindre kommunane i fylket skal trekkjast med og få tilgang til nye effektiviserande løysingar etterkvart som dei vert rulla ut, seier Århus.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.