Smil då vel

Ønskjet om å spreia glede og humor i kvardagen er tanken bak denne gatekunsten.

Ein saueflokk er nok ikkje det folk flest forventar å møta i eit garasjeanlegg.

Gatekunst – i form av grafitti og sjablongmåleri – er i ferd med å verta anerkjent, også i Bergen. Veneforeininga til Haraldsplass Diakonale sykehus har like godt hente inn den anonyme gatekunstnaren Joy til å utsmykka garasjeanlegget under det nye sjukehusbygget.

Typisk sjukehusaktivitet, sett med ein gatekunstnars auge.

-Eit sjukehus er ikkje alltid ein stad folk oppsøkjer med glede. Med desse bileta ønskjer vi å spre glede og godt humør til dei besøkjande, seier Terje Steen Edvardsen som er leiar for veneforeininga til nettavisa Tunnelsyn.

Veneforeininga håpar samstundes at kunsten skal gjera dette til det finaste garasjeanlegget i Byd´n. Når anlegget står ferdig, skal til saman 12 bilete med ulike motiv og stilartar pryda veggane.

Med eitpar unntak kunne dei fleste bileta ha vore plassert nær sagt kvar som helst. Berre eitt speglar sjukehuset sine aktivitetar.

Bileta har ulike motiv og stilartar. Dette er eit av seks bilete som heng i nedkøyringa til garasjeanlegget.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.