Ytingsbasert pensjon ikkje på dagsorden

Ytingsbasert pensjon for offentlege tilsette er tariffesta i hovudavtalen og ikkje noko Fellesnemnda kan endra på.

Marianne Sandahl Bjorøy fremma forslag om «val av pensjonsordning», men avviser at forslaget opnar for diskusjon om ytingsbasert penson vs. innskotsbasert pensjon.

På sakskartet til dagens møte i Fellesnemnda står det ”val av leverandør for kommunal tenestepensjon for Nye Øygarden kommune”. Fjell har i dag eigen kommunal pensjonskasse, medan Sund og Øygarden er med i KLP.

Ei samrøystes Fellesnemnd gjekk inn for eit alternativt forslag frå Marianne Sandahl Bjorøy (A) om at dei vil ha ei langt breiare sak om val av pensjonsordning, risiko, folketalsutvikling og kostnadar knytt til valet av KLP samanlikna med å la Fjell kommunale pensjonskasse leva vidare i den nye kommunen.

Tariffesta
Formuleringa ”val av pensjonsordning” inneber ikkje at Nye Øygarden opnar for nokon diskusjon om overgang frå dagens ytingsbaserte pensjon til innskotbasert pensjon, understrekar Marianne Sandahl Bjorøy ovanfor dei som måtte ha tolka ordlyden i vedtaket i vidaste meining.

Ytingsbasert pensjon for offentleg tilsette er tariffesta, og er ein del av hovudtariffavtalen. Denne saka dreier om administrasjon av den tariffesta pensjonen, KLP eller eigen kasse, skriv Sandahl Bjorøy i ein SMS til nettavisa Tunnelsyn.

Trygg pensjonsordning
Heller ikkje Børge Haugetun (TVØ)
er for seg at dette er noko meir enn ein diskusjon om val av tenesteleverandør.

– Her der det to alternative leverandørar og to ulike modellar ein kan sjå føre seg, og som må vurderast opp mot kvarandre. Ingen bør gjera seg opp ei meining før vi har fått alle fakta på bordet, seier Haugetun.

Noko anslag over gevinst og tap med dei ulike alternativa ønskjer Haugetun ikkje å spekulera over no. Det er slike fakta ein treng å få på bordet før ein kan ta stilling til valet av tenesteleverandør.

Rimelegare for arbeidsgjevaren
I likhet med andre offentlege institusjonar har Fjell, Sund og Øygarden i dag ei pensjonsordning basert på ytingsbasert pensjon, som garanterer dei tilsette 66 prosent av løna i pensjon den dagen dei vert 67.

Alternativet, som er vanlegast i privat sektor, er innskotsbasert pensjon. Ei ordning der dei einskilde får utbetalt pensjon ut frå kor mykje dei har betalt inn i ordninga.

For arbeidsgjevaren vil innskotsbasert pensjon ofte verta ei rimelegare ordning, mens for kommunalt tilsette kunne overgang til ei slik ordning innebera tap av pensonsutbetaling.

Engasjerer
Pensjon er eit komplekst tema som engasjerer. For å sikra dei tilsette sin medverknad i prosessen, skal Partssamansett Utval vera styringsgruppe for utgreiingsarbeidet.

Kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden må om naudsynt ta endeleg stilling til vesentlege endringar i det framlegget som vert utarbeida.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s