Granskingsrapporten er offentleg

Resultatet av granskinga av teknisk avdeling i Askøy og tidlegare kommunalsjef Ivar Ådlandsvik er no klart.

BDO sin granskingsrapport om levering av tenester til teknisk avdeling i Askøy dokumenterer gjentekne brot på anskaffelsesreglane og manglande dokumentasjon på prosessane.

Revisjonsverksemda BDO la i går fram ein presentasjon av innhaldet i granskingsrapporten om leveransar av tenester til Teknisk avdeling i Askøy for formannskapet i kommunen. Etter det vart rapporten offentleggjort.

Det var ein interpellasjon frå Jann Atle Jensen (Dem) i kommunestyret i fjor som utløyste granskinga. Mellom anna skulle Ådlandsvik som leiar for teknisk avdeling ha kjøpt tenester hos verksemda til ein nærståande for 34 millionar kroner.

Les: Askøy-leiar skal granskast for korrupsjon

Brot på anskaffelsesreglane og manglande dokumentasjon
Granskinga er konsentrert til perioden 2009 til 2017. Ådlandsvik vart tilsett som fagsjef for kommunalteknisk avdeling i Askøy i desember 2009. Tre år seinare fekk han utvida ansvarsområdet til også å omfatta den kommunale eigedomsverksemda.

Granskingsrapporten er tydeleg. Kommunalavdeling Teknisk får flengjande kritikk for brot på anskaffelsesreglane og manglande dokumentasjon gjennom heile den perioden Ådlandsvik var leiar.

I minst elleve anskaffelsesprosessar har kommunalavdeling teknisk føreteke innkjøp i strid med anskaffelsesreglane. Sannsynlegvis førekjem det regelbrot i minst to anskaffelsar frå til saman åtte leverandørar i tida 2009 – 2015, ifølgje BDO.

– Regelbrota omhandlar heilt eller delvis manglande anbodsdokumentasjon og utlysing av konkurransar. På grunn av manglande dokumentasjon har det i fleire av tilfella ikkje vore mogeleg for BDO å vurdera korvidt anskaffelsesreglane er følgt, skriv revisjonsverksemda.

Frikjend
Når det gjeld skuldinga om at han skal ha favorisert verksemda til ein nærståande med millionkontraktar, mellom anna i samband med utbyggingane av Kleppestø ungdomsskole og Fauskanger barne og ungdomsskule, frikjenner BDO Ådlandsvik for skuld.

– Kontraktane vart tildelt før Ådlandsvik var eigedomssjef i 2012, ifølgje revisjonsverksemda.

Sjølv om ingen nye kontraktar er inngått med verksemda etter 2012, er det likevel føreteke bestellingar av endringsarbeid og tillegg i dei inngåtte prosjekta.

Privat næringsverksemd
Både før og mens han har jobba i Askøy kommune har Ådlandsvik drive ei utstrekt privat næringsverksemd. I ei rekkje tilfelle har han privat nytta dei same leverandørane som også har levert tenester til Askøy kommune.

Privat har Ådlandsvik og nytta leverandørar som har fått reguleringsplanane sine behandla av teknisk avdeling i den tida han har vore tilsett der. Dette har Ådlandsvik gjort utan å spørja eller informera sine overordna om dei private oppdraga.

I fleire av tilfella skal Ådlandsvik munnleg ha erklært seg inhabil. Underordna på Teknisk avdeling har i desse tilfella behandla sakene.

Nokon dokumentasjon på vurderinga av inhabiliteten har BDO ikkje funne.

Ådlandsvik skal ha betalt marknadspris for dei tenestene han kjøpte. BDO har ikkje funne dokumentasjon på at Ådlandsvik i slike situasjonar har drege økonomiske fordel av rolleblandinga mellom leiarstillinga i Askøy kommune og det han har drive av privat næringsverksemd.

Avventar reaksjonar

Varaordførar Bård Espelid har fått eindel svar, men vil lesa BDO-rapporten grundig før han uttalar seg.

Varaordførar Bård Espelid (AL) var på førehand kritisk til valet av BDO til å utføra oppdraget.

– Vi må få ein rapport det ikkje går an å setja spørsmålsteikn ved, sa han den gongen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Rådmannen sat på gangen – varaordførar skeptisk til valet av BDO

Espelid var tilstade på orienteringa i formannskapet i går, men har ikkje fått tid til å lesa granskingsrapporten skikkeleg. Førebels ønskjer han difor ikkje svara på korvidt han har fått svar på alle spørsmåla han på førehand brann inne med.

– Det har kome fram interessant informasjon. Nokre aspekt knytta til nokre av spørsmåla har det vore vanskeleg å finna informasjon og dokumentasjon om. Det er difor viktig å åg inn i faktagrunnlaget og informasjonen BDO har basert vurderingane sine på. Det krev arbeid, skriv Espelid i ein sms til nettavisa Tunnelsyn.no

Formannskapet i Askøy tok BDO sin granskingsrapport til orientering. Rapporten vil verta lagt fram for kommunestyret i april.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s