Meir langsiktige og treffsikre lusevarsel

Utbrot av luseangrep i norske oppdrettsanlegg kan no varslast to veker fram i tid.

Arkivbilete. (Foto: Morten Wanvik.)

Stadig fleire norske lakseoppdrettarar sluttar opp om det digitale beslutningsstøttesystemet AquaCloud for å føresjå utbrot av luseangrep i merdene.

Sidan systemet vart teke i bruk for vel eitt år sidan, har talet på merder som vert overvaka blitt tidobla, frå 240 til 2249, ifølgje innovasjonsleiar Björgólfur Hávarðsson i NCE Seafood Cluster.

Stagnasjon
Lakselus kostar den norske havbruksbransjen 10 – 15 milliardar kroner i året, og er ei av dei viktigaste årsakene til at volumet på slakta fisk har stagnert siste åra.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

AquaCloud tek dagleg mot store mengder digital informasjon frå dei einskilde merdene om mellom anna biomasse, foring, dødelighet og straumtilhøve. Dei store datamengdene vert analysert ved bruk av kunstig intelligens basert på IMB sin Watson-plattform.

Tre veker?
– Erfaringa frå bruken av systemet har lært oss så mykje at vi no treff veldig godt med to vekers varsel av luseangrep, seier Hávarðsson.

Klarar oppdrettarane redusera talet på avlusingar med 1 – 2 per merd i året, vil dei kunne redusera kostnadane med ein milliard kroner, hevdar innovasjonsleiar Björgólfur Hávarðsson i NCE Seafood Cluster. (Arkivbilete: NCE Seafood)

Tre vekers varsel er neste målet. Førebels er det likevel for mange faktorar å halda styr på til at innovasjonsleiaren tør antyda noko om når dei vil nå målet.

Provoserer
Men AquaCloud er ikkje aleine om å arbeida for å skaffa havbruksnæringa betre analyser av store datamengder.

Hávarðsson sin kollega Preben Matre i AquaByte AS provoserer likevel dei mange verksemdene som no jobbar for å utvikla stadig betre kamera og annan sensorteknologi forhavbruksnæringa.

-Vi treng ikkje fleire kamera eller gadgets, men system som er betre til å tolka dei enorme mengdene med informasjon som den nye teknologien alt skaffar oss, hevdar Matre .

Den Bergensk – San Francisco-baserte programutviklaren AquaByte har nyleg henta inn 3,5 millionar dollar i kapital for å utvikla maskinlæringssystem for havbruksbransjen.

Saman om utfordringa
Erkjenninga av ei felles utfordring gjer at dei fleste store norske havbruksverksemdene står samla bak AquaCloud.

Les: Kunstig intelligens skal knekkja lakselusa

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.