Langt fleire strilar avhengig av sosialhjelp

Langt fleire strilar måtte i fjor søkja økonomisk naudhjelp hos NAV. I Askøy og i Sund eksploderte det.

For å få innvilga økonomisk sosialhjelp må du vera ute av stand til å forsørgja deg sjølv ved arbeid, eigne midlar eller ved andre økonomiske ytingar som du kan ha krav på. Økonomisk sosialhjelp er ei midlertidig inntekt. Målet med stønaden er at mottakaren så raskt som mulig skal kunne klare deg selv. (Arkivbilete).

Arbeidsløysa går ned, i følgje NAV. Etaten har imidlertid slutta å opplysa om kor mange i kvar kommune som har overskride dagpengeperioden og som difor ikkje lenger har rett på dagpengar. Ei lita antydning om at alt kan hende ikkje står så bra til på arbeidsmarknaden vestom Bergen som NAV vil ha det til, kan vi likevel få når vi ser på tala på sosialhjelpsmottakarar som SSB nyleg offentleggjorde.

Les: Den skjulte arbeidsløysa stig

Les: NAV juksar med arbeidsløysetala

1.637 personar
Talet på mottakarar av sosialhjelp i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy auka i fjor samanlikna med i 2016. Heile 1.637 personar var i fjor avhengig av sosialhjelp for å overleva i ein kortare eller lengre periode.

Eksplosjon
Tydelegast var den negative utviklinga i Askøy. Heile 564 asketappar trong i fjor økonomisk bistand frå det offentlege. Det var 102 fleire enn i 2016 – ein auke på heile 23 prosent.

Prosentvis nesten like ille var utviklinga i Sund. 30 fleire med behov for sosialhjelp innebar ein auke på 19 prosent samanlikna med i 2016.

 Personar som mottok sosialhjelp 2017 2016 Endring Endring i %
Sund 191 161 30 19
Fjell 684 676 8 1
Askøy 546 444 102 23
Øygarden 216 231 -15 -6
 Totalt 1637 1512 125 8

Meir langvarige problem?
Ikkje berre auka talet på sosialhjelpsmottakarar i regionen. Auken i snittutbetalingane til dei einskilde vitnar om at problema til dei som er så uheldige å trenga akutt økonomiske hjelp truleg vart meir langvarig. I snitt fekk kvar av dei utbetalt 42.230 kroner. Samanlikna med året før auka snittutbetalingane til dei einskilde med 3.160 kroner.

Størst var auken i Askøy. Her auka snittutbetalingane med 5.716 kroner, til 44.544 kroner per person.

Reduksjon i Øygarden
Øygarden har i fleire år vore den kommunen i Hordaland der prosentvis største andelen av innbyggjarane har vore avhengige av økonomisk hjelp og der utbetalingane per person har vore høgast. Her gjekk utviklinga rette vegen i fjor. 216 personar med behov for økonomisk hjelp frå NAV var 15 færre enn i 2016.

Sosialhjelpsmottakarane i Øygarden er likevel framleis dei som mottek høgaste utbetalingane i Hordland. Ei snittutbetaling på 64.352 kroner er nesten dobbelt så høg som det sosialhjelpsmottakarane i Sund nytte godt av.

Stabilt i Fjell
Fjell er framleis den kommunen i regionen der flest innbyggjarar hadde trong for økonomisk krisehjelp frå det offentlege i fjor. Her verkar det likevel som om talet på trengjande har stabilisert seg.

Snittutbetalingar på 35.825 kroner antydar at dei økonomiske problema til fjellsokningane kan ha hatt kortare varighet enn det asketappane opplevde. Sikker kan vi ikkje vera. Kommunale skilnadar i nivået på utbetaling på grunnlag av ulike kriterier kan vera noko av forklaringa.

 

 Utbetaling per person, snitt 2017 2016 Endring
Sund 33 538 30 454 3 084
Fjell 35 825 33 601 2 224
Askøy 44 544 38 828 5 716
Øygarden 64 352 61 542 2 810
42 230 39 070 3 160
Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s