Utvald påskekrim

Påska er tid for å slappa av, krølla seg saman i ovnskroken medan det som vonaleg vert dei siste sluddbygene denne vinteren herjar rundt hushjørna, og leva seg inn i dei mange alternative påskemysteriene.

Eg har valt ut tre aktuelle kriminalromanar, skrivne av forfattarar som ufortent har komne i skuggen av bestseljarlistene, og som eg meir enn gjerne deler med nettavisa Tunnelsyn sine lesarar.

Desse utvalde bøkene er så bra at sjølv dei som stoler blindt på meteorologane sine solskinsvyer for den stille veka, bør nytta dei komande dagane til å stikka innom ein bokhandel.

Pass godt på dine næraste
Stefan Ahnhem: 18 grader minus

Stefan Ahnhem er ein av dei mange yngre, lovande svenske krimforfattarane som følgjer i fotefara til Henning Mankell og Håkan Nesser.

Atten grader minus er tredje boka om politietterforskaren Fabian Risk, kriminalsjef Astrid Tuvesson og den degraderte etterforskaren Dunja Hougaard.

Identitetstjuveri, personar som ikkje finst i noko offentleg register og bestialske drap, er dei tre sentrale spenningsingrediensane i ”18 grader minus”.

Fletta inn i hovudhistorien kjem det ei anna og minst like ubehageleg historie om tilfeldig vald, utøvd kun for å leggjast ut som video på det mørke nettet.

For Fabian Risk utartar handlinga etterkvart til eit personleg mareritt. Heile politietterforskaren sin familie vert på ulikt sett involvert på liv og død i handlinga.

Den beste grøssaren i dette utvalet.

 

Når skurken heiter Sartor
Donna Leon: By its cover

Amerikanske Donna Leon har late seg fascinera av Venezia og dagens italienske samfunn. Resultatet kan vi lesa i dei nærare 30 bøkene om commisario Brunetti.

Venezia er ikkje berre kanalar. Heile byen er full av historiske minnesmerkje frå den tida byen var mektig og dominerande sjøfartsby i Middelhavet. I ”By its cover” er det tjuveri og vandalisme av uerstattelege historiske bøker i eit bibliotek som gjer det naudsynt for Brunetti å gje seg ut i byen – til fots og med vaporetto – på leit etter dei skuldige.

Etterkvart som Brunetti byrjar nærma seg sanninga om kunsttjuveria, byrjar lika å dukka opp. Nokon er villig til å ty til ekstreme handlingar for å skjula den lønsame kriminaliteten.

Innimellom får lesaren glimt av kvardagslivet i dei øvre sjikta av det italienske samfunnet – og om psykologien bak dei interne makttilhøva hos det lokale politiet.

”By its cover” er diverre ikkje mellom dei av Donna Leon sine bøker som er oversett til norsk. Den engelske versjonen er å få fatt i som pocketbok i fleire bokhandlarar i Bergen.

Donna Leon er eit må-ha-lese for alle som planlegg eit besøk i Venezia.

 

Kjenner vi no eigentleg dei vi omgås?
Håkan Nesser: Eugen Kallmanns auge

Sjølv om han er mellom dei framste krimforfattarane i nabolandet, har Håkan Nesser likevel ikkje fått det gjennombrotet han fortenar her i Norge.

For dei nordmennene som kjenner til forfattarskapet hans, tør bøkene om førstebetjent Van Veeteren vera godt kjende. Dei siste åra har Nesser eksperimentert med andre krimsjangrar, og historia om Eugen Kallmann høyrer til i denne kategorien.

Boka byrjar med at læraren Eugen Kallmann nettopp har døydd. Ganske snart byrjar kollegaene å spørja seg om han no eigentleg døydde ein naturleg død?

Den tilbaketrekte læraren etterlot seg ein bunke dagbøker som fortel ein underleg historie om gammal kjærleik – og hat. Ein historie som går fleire generasjonar tilbake og som først får sin slutt etter at Kallmann er død.

Spaninga i forteljinga kjem fram ved at forfattaren lar ulike personar skifta mellom å formidla sine kapittel av historia.

Eugen Kallmanns auge har nett kome ut på norsk.

Den mest underfundige av desse tre bøkene.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.