Minneord: Ei kvinne for si tid

Få kvinner i Fjell var i like stor grad som Aagot Andersen med på å leggja til rette for den gryande veksten i kommunen i 1960- og 70-åra.

Ung og håpefull. Aagot Sætenæs kom til Fjell som ung brur fredssommaren 1945. (Foto: privat)

Då sunnfjordjenta Aagot Sætenes kom til Fjell som ung brur fredssommaren 1945, kom ho til ein kommune med enkle kår, men der framtidstrua rådde.

Dramatisk
Først møtet med den nye heimbygda vart meir dramatisk enn ønska. Vitjinga samanfall med ein av dei allierte sine bombetokt over Bergen. I Snekkevik måtte dei søkja dekning for dei kvinande splintane frå luftvernartelleriet i naboen sin jordkjellar. Ei skremmande hending ho gjentekne gongar kom tilbake til som 90-åring.

1950-talet var husmora sin store epoke i norsk samfunnsliv. For Aagot var det småbarnsår, med døtrene Astri og Karen, og gardsdrift. At ”Besten”, svigerfaren Anders, skulle bu heime heilt til livets slutt var sjølvsagt.

Ut i arbeidslivet
Men då 50-talet bikka over til 60-talet blas det nye vindar. Aagot ville ut i arbeidslivet og dela arbeidsoppgåver og ansvar med ektemannen Alfred. Han var den visjonære og pratsame seljaren. Ho var meir praktisk. Utan nokon fin tittel å visa til, var det likevel ho som hadde ansvaret for den daglege drifta av Sotra Bruk.

Verksemda i Svingen forsynte heile Fjell med sand, sement og trelast. Ute rådde mannfolka. Kontoret gav kjærkomne arbeidsplassar for kvinner. Få andre kvinner i Fjell var i like stor grad som Aagot med på å leggja til rette for den gryande veksten kommunen opplevde på 1960- og 70-talet.

Opa dør
For meg var det einkelt å stikka innom Aagot på Sotra Bruk på vegen heim frå barneskulen på Brattholmen. Ho hadde alltid tid til ein prat. Hadde ho god tid, hende det at det vanka eit glas Solo på kontoret.

Dei første åra leigde Samvirkelaget lokale i eine enden av bygget. Då dei la ned, vart matvarene erstatta med glas, steintøy og leikar i tillegg til maling og verktøy. Slik hadde kvinnene framleis eit påskot for å oppsøkja Sotra Bruk, og fjellsokningane fekk ein forsmak på det moderne forbrukarsamfunnet.

Inn i politikken
Framtidstrua i etterkrigsåra var i stor grad knytt til Arbeidarpartiet. Både Aagot og Alfred stod innmeld i partiet. Ved ”kvinnevalet” i 1967 var ho ein av dei fem første kvinnene som kom inn på fast plass i kommunestyret i Fjell.

Les: Politiske føregangskvinner i Fjell

Også privat haldt Aagot og Alfred fingeren på pulsen til den nye tida. Medan ordet ferie framleis var utan innhald, eller betydde bilferie til slekt i Nordfjord eller Trøndelag for mange Sotrastrilar, drog dei på cruise.

Den store verda

Aagot Andersen. Eit av dei siste bileta. (Foto: Privat).

Dei var ein av våre, men bragte samstundes med seg ein dåm av den store verda. I dag ville innovatørane ha snakka begeistra om «early adaptors».

Etter at dei bygde hytta i Hølmen var det eit eventyr å få koma på besøk og verta teken med ein tur på fjorden i cabincruisaren.

Telefonvanane er kanskje noko av det som har endra seg mest merkbart i etterkrigsåra. Fasttelefon vart først allemannseige på slutten av 1970-talet. For Aagot og Alfred var det tida for å ta neste steg: Dei haldt kontakt via ein ”slepbar” mobiltelefon.

Sotra Bruk vart seld, og Alfred døydde uventa. Først då fekk Aagot tid til å setja seg ned med typiske kvinneaktivitetar som strikking. Eg var så heldig å få ein nydeleg kvit genser med mønster.

Aagot kom frå industribygda Dale i Sunnfjord der det var vanleg med tog og hornmusikk på fødselsdagen hennar 1. mai. I Fjell kom 1. maitoget aldri så langt som til Svingen.

For meg, som vaks opp på 1960- og 1970-talet, kom Aagot til å stå som eit kvinneleg førebilete. I dødsannonsa oppfordrar døtrene oss om å huska Aagot slik som ho eingong var. Dette er mitt forsøk på å fortelja om ei kvinne eg har hatt stor glede av å omgåast.

Dei siste åra av livet budde Aagot på Fjell sjukeheim. Ho ville ha fylt 98 år 1. mai.

Gravferda skjer frå Fjell kyrkje onsdag denne veka.

Vil du lesa meir om Fjell i åra like etter krigen og det samfunnet Aagot kom inn i, kan du lesa:
Alf (89) drog halve jorda rundt for å få med seg skuletreff på Brattholmen

Sprang 60-metaren på sokkaleisten

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.