God påske!

Innimellom snøflekkane spirer det!

Kvit lyng kan også vera fin! Den hardføre vårlyngen Erica Carnea Schneekuppe.

Oppmuntra av finveret onsdag, berre måtte hageeigaren ut på inspeksjon.

Sjølv med tidleg påske og uvanleg kald vinter, slik som i år, er det teikn til vår i hagen no i slutten av mars! Innimellom snøflekkane spirer det!

Lengst komen er vårlyngen. Den hardføre Erica Carnea Schneekuppe har stått i knopp i over ei veke alt, og no lyser ho kvitt mot alle som kjem på vitjing. Kvit lyng kan også vera fin!

Les: Slik lukkast du med lyng i hagen

Under snøen spirer påskeliljer, krokus og tulipanar. Dei siste ser riktig så irrgrøne og frodige ut der dei stikk hovuda opp av det skjermande granbaret.

Magnoliaen står med lubne, hårete knoppar i solhellinga, og rododendroen gjer klart for maisola.

Ingen tvil: No er det tid for hageeigaren å byrja tenkja på våronna!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s