Gjestekommentar: Offentleg hamn krev aktiv tilrettelegging

Halvorsen har mange gode poeng, men mot storkapitalen som legg breisida til blir denne argumentasjonen fånyttes.

Av Bjarte Sangolt

Mange av båtfolket og sjøreisande etterspør kor ein kan legge til kai ved ei gjestehamn i Fjell kommue, samstundes som ein kan få tilbod om kjøp av drivstoff, service og kjøp av dagligvarer m.v.

Les: Gjestekommentar: En kystby bør jo ha en offentlig havn

Kystkommunen Fjell er «akterutseilt» i å ta i bruk areal i strandsona i heile kommunen. Det er plenty å ta av. Da er mykje gråberg og brakabuska, men når det er snakk om einskildperson si begrensa utfylling eller andre tiltak, kjem argumentet om ålmenta sin tilgang til strandsona.

Mykje av denne misbruken av arealbruken i strandsona rundt Straume har sitt opphav i svake/udugelege politikarar.

Storkapitalen som har sine «stråmenn/kvinner» langt inn i kommunestyret som ukritisk skal vedta «sine saker» i gjennom systemet på det grunnlag som vert oppfatta som»positive». Motførestillingane vert oppfatta som bakstreversk og negative.

Samstundes vert alternativ arealbruk i ANDRE område i kystkommunen ignorert. Det er med andre ord ei systematisk og gjennomgåande favorisering av storkapitalen sine disponeringar får kanalisert og styrkja sine forretningsposisjonar, direkte eller indirekte.

«Steinrøysa ned i fjæro» på Straume er eit godt eksempel på korleis arealbruken er blitt misbrukt og som er lite framtidsretta. Om ein skal AUKE tilgangen for ålmenta til strandsona må ein vera villig til aktivt legge til rette for det, ikkje laga hindringar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s