Kommentar: Det er berre å knipsa med fingrane…

Ei blokk her, og to blokker der. Fem kilometer gangavstand frå spissen av Bildetangen til Sotra Arena.

Å verkeleggjera byvisjonane er meir krevjande enn å planleggja. Til no har det poppa opp ei blokk her, og to der…

Fjell, saman med Os, Meland og Lindås, har som eitt av to område i Hordaland, delteke i Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt Byregionprogram sidan 2014.

Korleis har vegen fram mot attraktive regionsenter vore? Kva erfaringar har ein gjort i desse fire åra?

Siste ordet?
Vert det nye regionsenteret Straume tett og kompakt, slik KDM legg opp til? Tilrettelagt for grøn mobilitet? Skjer utbygginga på bilen sine premiss? Eller er det kanskje initiativet, risikolysta og pengesekken til utbyggjarane som får sist ordet?

Nokre av svara vil vi få når KDM og Hordaland fylkeskommune inviterer til oppsummeringskonferanse 20. april. Ordførar Marianne Sandal Bjorøy skal freista trekkja linjene for den vidare utviklinga av Straume, ifølgje programmet.

Ti år etter at byplanane først vart avslørt for folk flest, har vi som bur på Straume framleis mange spørsmål vi gjerne vil ha svar på:

Politikarar, planleggjarar og utbyggjarar snakkar samstemte om ”heilskapleg planlegging”, men kan vi i framtida vera sikre på at byutviklinga verkeleg vil gjeva oss eit tett og kompakt regionsenter?

Ei blokk her…
For oss som bur i dette evige anleggsområdet, er det vanskeleg å fatta korleis dette kan verta. Vår kvardag er sprengningane, anleggsmaskinene, støyen og støvet…

Det er fem kilometer i gangavstand frå spissen av Bildetangen til Sotra Arena. Kan vi i framtida unngå at det poppar opp ei blokk her og to blokker der, slik utbygginga har skjedd til no?

Når tenkjer politikarane seg at heile dette området vil vera ”ferdig” urbanisert?

Skal den vidare utbygginga av regionsenteret få prioritet framfor planane om ei gigantutbygging på Nordre Litle Sotra? Eller skal konkurransen om tilflyttarane verta argument for at ambisiøse utbyggjarar skal få lov til å spreia blokker tilfeldig rundt om i det som no er siste resten av urørt landskap på Litle Sotra?

Les: Opplev Foldnesmarka

Tidshorisont
Færre nye arbeidsplassar innan offshorenæringane og oljeservice har redusert arbeidsinnvandringa siste åra. Bind vi opp store areal for ein mykje lengre tidshorisont enn det vi faktisk kan kontrollera?

Eit anna aktuelt tema: Kva med blanding av ulike føremål i områdeplanar og reguleringsplanar? Er det greit å kombinera bustad og handel (som krev bilkøyring)?, men problematisk å kombinera handel og storhandel (som også krev bilkøyring)? Grensene er ikkje alltid så einkle å forstå, for oss vanleg dødelege.

Les: Opnar for meir storhandel på Straume

Bør eit regionsenter som ønskjer å kalla seg ”Kystby” ha ei offentleg hamn?

Les: Gjestekommentar: En kystby bør jo ha en offentlig havn

Interessemotsetnad
For kven skal regionsenteret Straume framstå som ein attraktiv stad? Er det i det heile mogeleg å kombinera interessene til dei som bur/skal bu her og interessene til dei store, kommersielle utbyggjarane?

Erfaringa så langt har vist at det er einklare å planleggja ein by enn å verkeleggjera visjonane. Det er ikkje berre å knipsa med fingrane, og så står byen der.

Her kan du lesa programmet for konferansen

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.