Førebu deg på avislause dagar

Sotra-strilen bør byrja førebu seg på ein kvardag utan papiraviser og utan tilgang til lokal veterinær.

Om det vert streik frå søndag kveld, vil Sotrastrilane i første omgang merka det mellom anna ved at dei ikkje får papiravis på døra.

Også det lokale veterinærtilbodet vil verta omfatta av ein eventuell streik.

Dette er klart etter at arbeidstakarorganisasjonane LO og YS i dag har gjort det klart kven dei vil ta ut i ein eventuell streik.

Schibsted distribusjon vest, som distribuerer BT, BA, Vestnytt og nasjonale aviser som Afteposten og Dagens Næringsliv,  er ei av dei lokale verksemdene der tilsette vil verta tekne ut i streik.

Det same er Anicura Dyreklinikken Sotra.

Totalt har LO og YS varsla at dei vil ta ut inntil 35.000 personar i streik, avhengig av status på forhandlingane søndag.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s