Her gjeld det å køyra fint!

Fartsradaren i Knappetunnelen nord er den som kontrollerer flest bilistar i Bergensområdet.

Knappetunnelen nord. Her vart 2,118 millionar bilistar fartsmålte i fjor.

Det hjelper lite å bremsa like framfor fotoboksen. Knappetunnelen nord er ein av 37 i landet der fartsmålaren kontrollerer gjennomsnittsfarten over ein viss strekning, ifølgje Motor.

Bilbladet har undersøkt kva fotoboksar i landet som ferskar flest fartssyndarar. Av dei 25 på topp, ligg fem i Bergensområdet.

I Knappetunnelen nord vart heile 2,118 millionar bilistar kontrollerte i fjor. Kontrollane innbragte statskassen 1, 875 millionar i bøter frå 1329 bilistar og resulterte i fem inndregne førarkort.

Det kan verka som om kunnskapen om gjennomsnittsfartsmålinga får bergensarar og strilar til å trø meir varsamt på gasspedalen. Trass dei mange kontrollerte, er Knappetunnelen nord den av dei fem målepunkta i Bergensområdet på Motor sin oversikt som ferskar færrast råkøyrarar.

Her er oversikten

Fotoboksar med flest overtredelsar Tal overtredelsar Inndregne førarkort Bøter, i kroner Tal kontrollerte
Fv 580, Helldalen, austover 3087 1 5.442.800 730.606
E16 Arnanipa, austover 2245 4 4.136.350 967.073
Fv 557 Knappetunnelen sør 1800 5 3.419.350 760.663
Fv 557 Bjørndalsskogen 1481 0 2.813.000 347.467
Fv 557 Knappetunnelen nord 1329 5 1.875.400 2.118.492
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.