Ja til vaskemaskiner, nei til vaskepulver

”Plasskrevjande handel”, ”volumhandel”, ”detaljvarehandel” og ”daglegvarehandel”. Omgrepa vart slynga over bordet, utan at nokon av dei folkevalde i KPU i Fjell var heilt sikre på kva orda eigentleg inneber.

Opposisjonen i KPU, ved Kjell Rune Garlid (fv) (SL), Daniel Victor Sandvik (FrP), Helge Nilsen (KrF) og Johannes Kobbeltvedt (Sp), fekk gjennomslag for dei fleste argumenta for å leggja reguleringsplanen for Smålonane ut på høyring.

Verken posisjonen eller opposisjonen sine medlemmar i Komité for plan og utvikling hadde store innvendingar mot Straume Handelseiendom AS sitt framlegg til detaljreguleringsplan for Smålonane på Straume.

Den framtidige bruken av dei fire planlagte bygningane på den 19 mål store eigedomen under høgspentlina utover mot Kollsnes, vekte derimot heftig politisk debatt.

Les: Opnar for meir storhandel på Straume

Vaskemaskiner ok
Kommunedelplanen for Straume opnar for plasskrevjande varehandel, men Straume Handelseiendom AS vil nytta bygningane både til plasskrevjande varehandel inkludert detaljvarer i stort volum og detaljvarehandel, framkjem det av sakspapira.

Detaljvarehandelen skal rett nok berre oppta 2.000 kvadratmeter av arealet. Det er likevel nok til at Høgre og Arbeiderpartiet var skeptisk. Arbeidsplassane tiltaket vil medføra var dei likevel positive til.

Kommunedelplanen opnar for storhandel i området. Vaskemaskiner, møblar og andre ting ein treng tilhengjar for å frakta med seg er ok. Men kva er no eigentleg detaljvarehandel? Og kva er plasskrevjande varehandel? Anne Hestnes (A) meinte det var naudsynt med ei avklaring av omgrepet.

– Dette er vanskeleg. Om du ikkje var forvirra før, så vert du det i alle fall no, sukka Hestnes.

Nokon eintydige definisjonar finst visstnok ikkje, ifølgje Hanna Gjesdal i planavdelinga.

Foten ned for daglegvarer
– Tenk på arbeidsplassane. Dei treng vi. Det vert feil å stilla krav som stengjer verksemder som Jula ute, innvende Kjell Rune Garlid (SL).

Daglevarehandel er eit ord det er lettare å forhalda seg til, var politikarane samde om.

-Daglegvarer er Rema 1000 og Kiwi, fastslo Garlid.

Som eit om eit kompromiss, vart partane same om at utbyggjar ikkje får lov å driva daglegvarehandel i lokala.

Å selja vaskemaskiner i Smålonane vil med andre ord vera ok, men vaskepulver får kundane dra ein annan stad etter.

Betre enn i dag

-Alt må då vera betre enn at tomta ligg slik som i dag, innvende Daniel Victor Sandvik (FrP).

Dette vil verta første bygget som møter tilreisande som kjem til Straume via Storskaret. Posisjonen ville difor ha likt å kunna setja krav til både kvalitet og arkitektur.

Tomten, som ligg like ved Vestlandske Indremisjon sitt nye forsamlingslokale i krysset Arefjordvegen/Idrettsvegen, vert i dag nytta til mellombels masselagring og parkering for anleggsmaskiner, innvende Daniel Victor Sandvik (FrP).

– Området er under transformasjon. Sjølv Indremisjonen vil vera samd i at all bebyggelse på tomten må vera betre enn dagens utnytting, hevda Sandvik.

Parkering under høgspentlinja
Parkeringa bør leggjast under jorda, i tråd med føringane for Straume Sentrum, hevda Høgre og Arbeiderpartiet.

Sandvik såg poenget med parkering under bakken. Helst hadde han sett at høgspentlinja vert gravd ned, men det kostar for mykje pengar. Plasseringa av høgspentlinja tvers over tomten inneber at parkeringa bør plasserast der. Noko anna kan ikkje den delen av området nyttast til, fekk han medhald i.

Smålonane ligg utanfor grensene for planen for Straume Sentrum. Kommunen kan difor ikkje stilla same krava i dette området. Her er det føringane i kommunedelplanen for Straume som gjeld. Det er vanskeleg å setja krav til parkeringsnormar, kvalitet og arkitektur i eit område der føringar for slikt manglar i den overordna kommunedelplanen, vart KPU-medlemmane samde om.

På etterskot
– Politikarane må kunna seia noko om korleis vi vil ha det. Vi er på etterskot i planlegginga, sukka Hestnes og viste til at kommunedelplanen for Straume er under rullering.

Les: Opnar for Straumekonfliktar 2.0

Ut på høyring
Planen for Smålonane vert lagt ut på høyring, med føresetnad om at forbodet mot daglegvarehandel vert teken inn som eige punkt i føresegnene, vedtok KPU.

I dag skal Formannskapet ta stilling til korvidt Fjell bør søkja Hordaland fylke om samtykke til etablering av handelsareal ut over 3.000 kvadratmeter i Smålonane.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.