Tok tilbake kontrollen over ekspropiasjonssakene

Med ei einkel setning, og utan debatt, tok ein samrøystes Komité for plan og utvikling tilbake kontrollen over ekspropiasjonssakene i Fjell.

Johannes Kobbeltvedt
Johannes Kobbeltvedt (Sp) fekk ein samrøystes Komité for plan og utvikling med seg på at utbyggjarane på Ranen må ha skriftleg avtale med dei øvrige grunneigarane om grunnavståing til vegutviding. (Arkivbilete).

Ekspropiasjonssakene har vore få i Fjell. Den politiske motviljen mot dette ytterleggåande tiltaket for å fråta privatpersonar retten til eigedomen sin er stor.

Grunnavståing
Det var då Komité for plan og utvikling drøfta første gongs framlegg til reguleringsplan for Ranen på Foldnes at temaet grunnavståing kom opp, i samband med ei planlagt vegutviding.

Ein vedteken reguleringsplan gjev juridisk grunnlag for å krevja ekspropiasjon. I dette tilfellet ønska politikarane i KPU å vera føre var.

– Før planen kjem opp til endeleg behandling må utbyggjar leggja fram skriftleg avtale med øvrige grunneigarar om grunnavståing, foreslo Johannes Kobbeltvedt (Sp).

Eit vilkår han fekk ein samrøystes komité med seg på.

Manglar juridisk grunnlag
Ved å vedta denne formuleringa, sørga KPU for at utbyggjaren vil få store vanskar med å få reguleringsplanen endeleg vedteken, så lenge grunnavståinga i samband med vegutvidinga ikkje er avklart med dei øvrige grunneigarane.

Utbyggjar vil heller ikkje kunna visa til nokon godkjend reguleringsplan som gjev juridisk grunnlag for ekspropiasjon.

Upopulært
Dei få eksporpiasjonssakene som har vore i Fjell, har likevel skapt mykje støy. Typisk har sakene dreia seg om vegar og tilkomst til eigedomar, slik som i Ranen.

Les: Fleirtal for eksporpiasjon – skjermar politisk komitéleiar

Under påskot av å villa effektivisera saksgangen vedtok Kommunestyret sist haust å delegera ansvaret for ekspropiasjonssakene til Formannskapet. Vedtak vart gjort med knappast mogeleg fleirtal, 18 mot 17 røyster. Protestane kom særleg frå småpartia som ikkje er representerte i Formannskapet, og som difor ikkje lenger får vera med på å treffa dei vanskelege avgjerdene.

Takk for sist
For Kobbeltvedt vart dette eit takk for sist til Kommunestyret. Senterpartiet har ein representant i Kommunestyret i Fjell, og er ikkje representert i Formannskapet.

Samstundes håpa posisjonen på ro rundt ekspropiasjonssakene. Radio Sotra sender debatten i Kommunestyret om dei kontroversielle vedtaka for open mikrofon, på direkten.

Frå Formannskapet – og KPU – vert det meir tilfeldig kva journalistane refererer.

Les: -Unødvendig maktdemonstrasjon

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s