Vert han første rådmann i Nye Øygarden?

Første rådmannen i Nye Øygarden bør vera på plass innan årsskiftet, er ambisjonen til leiartrioen i Fellesnemnda for Nye Øygarden.

Leverte gode resultat og har god rolleforståing. Vert Rune Lid første rådmannen i Nye Øygarden? Bilete vart deke då ordførar Kari Anne Landro ønska den dåverande økonomisjefen velkomen som rådmann i Sund våren 2016.

Dei tre ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden byrjar landa på ei løysing, etter at tidlegare prosjektleiar Paul J. Manger forlot stillinga på dagen like før påske, kunne Marianne Sandahl Bjorøy orientera formannskapet i Fjell i dag.

Prosessen vidare vil verta formelt avklart i Fellesnemnda 16. april.

Fast tilsetjing
Prosjektleiarstillinga vert ikkje lyst ut på nytt. I staden vert det teke sikte på å tilsetja ein rådmann, som skal fungera i stillinga også etter kommunesamanslåinga 1.1.2020.

Leiartrioen er opptekne av at prosessen med kommunesamanslåinga ikkje får stoppa opp. Inntil ny rådmann er på plass, vil dei tre rådmennene i Fjell, Sund og Øygarden ha hovudansvaret for å vidareføra arbeidet.

– Rådmennene får ei betydeleg rolle fram til ny rådmann er på plass. Dei vil fungera saman. Mest sannsynleg vil rådmannen i Sund få hovudansvaret fram til årsskiftet, sa Sandahl Bjorøy.

Intern rekruttering
Rune Lid (51) vart tilsett som rådmann i Sund for to år sidan, og kjenner etterkvart området vest for Bergen godt.

Den gongen konkurrerte han med eit 20-tals andre kandidatar om rådmannsstillinga. Lid var intern kandidat, og kom frå stillinga som økonomisjef. Gode resulat og god rolleforståing var sterkt medverkande til at han fekk stillinga, sa ordførar Kari Anne Landro då ho kunngjorde kven som fekk stillinga.

Lid er utdanna sivilingeniør, med høgare revisorutdanning frå NHH. Han er den yngste av rådmennene i dei tre kommunane som snart skal gå saman til Nye Øygarden.

Siri Fahlvik Pettersen, rådmann i Øygarden, kunngjorde i samband med 60-årsdagen sin i desember at ho kjem til å gå av med pensjon den dagen Nye Øygarden vert ein realitet.

Les: Henta rådmann frå eigne rekkjer

Les: Siri fyller 60

Advertisements

2 Comments

  1. Utanfrå, og som innbyggjar for det som skal bli den nye Øygarden kommune, har eg inntrykk av at Fellesnemda har hatt ein leiarprofil som innebar stor risiko for å mislukkast, alt før første møte i nemda. Samhandlinga og forventningar hos nemda til prosjektleiar Manger har lenge skranta, noko som har kome til uttrykk på ulik vis. At Fellesnemda no vert utan prosjektleiar i den siste og avgjerande fasen i kommunesamanslåinga, gjer grunn til uro. Lokal rekruttering til prosjektleiing kan skapa eit inntrykk av favorisering og splid, noko ein ikkje har bruk for. Samhandling og felles forståing for å oppnå milepælkrava må liggja fast. Usemje og avklaringer må ryddast til side, ikkje slik at dei blir underminert, men slik at faktagrunnlaget vert lagt til grunn for omorganiseringa på eit tidlegast mogeleg tidspunkt.

    Den største og grunnleggjande feilen Fellesnemda gjorde var å ikkje tilsette ein rådmann for den nye kommunen frå første dag. Då kunne den nye rådmannen få eigarskap både til prosessen i Fellesnemda OG til å videreføre organisasjonen inn i den nye kommunen etter år 2020. Dette er no Fellesnemda og politikarane vil kjenne verknadene av mangel på kunnskap om organisasjonsutvikling og omorganisering.

    Eg set likevel mi lit til at politikarane klarar å styra på rett kurs og ev. vil korrigere kursen undervegs.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s