Overtek Nye Øygarden den offentlege tannhelsetenesta?

Fylkesmannen oppfordrar Nye Øygarden om å verta pilotkommune for å overta ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta frå fylkeskommunen.

Den offentlege tannhelsetenesta har i dag klinikkar på Straume, Ågotnes og i Skogsvågskiftet. (Arkivbilete).

Det er i dag fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta til ungar, eldre, uføre og personar med rusproblem og psykiske lidingar.

I samband med kommunereforma ønskjer Helse og omsorgsdepartementet å overføra nye oppgåver til kommunane. Den offentlege tannhelsa er ei av oppgåvene Helse og omsorgsdepartementet helst ser at dei nye kommunane overtek ansvaret for. Dette gjeld både allmenntannlegetenesta og spesialisttannhelsetenesta. I tillegg til dei oppgåvene som fylkeskommunen i dag utfører, vil kommunane som ønskjer å delta også verta pålagt å overta ansvaret for ein del andre oppgåver, mellom anna forsking.

Treårig prøveordning
Nye Øygarden er ein av dei kommunane i Hordaland som fylkesmannen spesielt oppfordrar om å søkja om å delta i prøveordninga.

I Nye Øygarden vil ei slik ansvarsovertaking innebera at kommunen overtek ansvaret for drifta av dei offentlege tannklinikkane på Straume, Ågotnes og i Skogsvågskiftet.

Ansvarsovertakinga skal skje frivillig. Kommunar som ønskjer det må søkja om å få lov, understrekar departementet. Departementet søkjer no etter eit 15-tals kommunar som ønskjer å delta i ei treårig prøveordning med den føreslegne organiseringa, med start frå 1.1.2020.

Fellesnemnda avgjer
Brevet frå fylkesmannen stod på sakslista til formannskapet i Fjell i går.

– Dette må Fellesnemnda avgjera, orienterte ordførar Marianne Sandahl Bjorøy dei folkevalde.

Fristen for å søkja om å delta i prøveordninga er 20. mai.

Advertisements

2 Comments

  1. Hei Liv.
    Dette var interessant. Kvar fann du dette?

    Beste helsing
    Aud Karin Oen

    5. apr. 2018 kl. 11:03 skrev Tunnelsyn <comment-reply@wordpress.com>:

    Liv Strømme posted: «Fylkesmannen oppfordrar Nye Øygarden om å verta pilotkommune for å overta ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta frå fylkeskommunen. Det er i dag fylkeskommunen som har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta til ungar, eldre, uføre og per»

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.