Behovet for ein høyresentral på Sotra er stort, men Helse Bergen har sagt nei til etablering av eit slikt tilbod på det nye lokalmedisinske senteret på Straume.

Høyrer du dårleg? Har du øyresus, eller andre problem med øyrene som treng behandling av øyre-, nase-, halsspesialist? Står du der med henvisning frå primærlækjaren og treng time hos øyre-, nase-, halsspesialist, er ventetida inntil 8 månadar hos spesialisthelsetenesta på Straume.
Tingar du time no, slepp du til i oktober, får nettavisa Tunnelsyn.no opplyst i resepsjonen.
Dei som synes ventetida vert for lang, vert råda til heller å ta kontakt med ein av øyre,- nase-, halsspesialistane i Bergen sentrum. Der kan ventetida vera så kort som ned mot 2 – 3 månadar.
Ønska på LMS

Ein høyresentral ville kunne betra tilbodet til Sotra-strilar med øyre-, nase og hørselsproblem monaleg. Tilbodet stod høgt oppe på ønskjelista til helsesjef Terje Handal i Fjell og resten av planleggjarane av det nye Lokalmedisinske senteret.
Les: Kjempar for røntgen og høyresentral
Helsesjefen vart skuffa. Det er no klart at det ikkje kjem nokon høyresentral i det nye Lokalmedisinske senteret som opnar neste vår.
Nei frå Helse Bergen
– Helse Bergen har sagt endeleg nei til å etablera eit slikt tilbod her ute. Usikkerhet omkring Regjeringa sin politikk og ei framtidig privatisering av tilbodet vart gjeve som grunngjeving, seier Handal til nettavisa Tunnelsyn.no.
Arealet som var avsett til høyresentral, vil no i staden gå inn i den nye offentlege tannhelseklinikken.
Les: Fylkestannlegen til Lokalmedisinsk senter
Stort behov
– Behovet for øyre-, nase-, halsspesialistar og audiografar er stort i vårt område, seier Handal.
-Men sidan dette er eit spesialisttilbod, er det ikkje eit tilbod som kommunane er pålagte å ha, legg helsesjefen til.
Kvar tiande innbyggjar
Den nye storkommunen Nye Øygarden får 36.000 innbyggjarar. I tillegg skal det lokalmedisinske senteret på Straume tilby tenester til nærare 100.000 innbyggjarar i Askøy og Bergen Vest.
Ifølgje offisielle tal har 10 – 15 prosent av innbyggjarane i Norge så store problem med øyrer og hørsel at dei treng hjelp frå spesialistar, anten i form av tekniske hjelpemiddel, eller operasjon.