Norse Production på Skaganeset melder oppbud

Norse Production, som har stått for drifta av fiskeslakteriet på Skaganeset i Sund, har slege seg sjølv konkurs.

Konkursopninga vart registrert i Brønnøysund i går.

Det utanlandsk registrerte føretaket Norse Production, med adresse i Polen, har lenge vore i konflikt med LO om arbeidsvilkåra for dei vel 120, hovudsakleg polske, arbeidarane. No ligg det an til at arbeidarane mistar jobben.

Viktigaste oppdragsgjevar for Norse Production har vore Sekkingstad AS og drifta av fiskeslakteriet på Skaganeset.

Det er usikkert korvidt drifta av slakteriet på Skaganeset stoppar umiddelbart, eller om det vert reist midlar til å halda fram drifta inntil ein alternativ eigar er på plass, ifølgje fagpressa.

Slaktefartøy

Slaktefartøyet til Hav Line Gruppen vil få ein kapasitet på 1.000 tonn ferdig sløyd fisk per tur frå Bergen til Hirtshals. Foto: Hav Line Gruppen / Wärtsila

Sekkingstad AS, som eig halvparten av Hav Line Gruppen AS, søker i dag etter mannskap til det nye slaktefartøyet Norwegian Gannet. Slaktefartøyet skal etter planen setjast i drift mellom Norge og verksemda sin terminal i Hirtshals i august.

Les: Slaktefartøy får Enovastøtte

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.