Vestland fylke på Vestlandet

Det nye storfylket av Hordaland og Sogn og Fjordane bør heita Vestland, tilrår Regjeringa.

Vestland – det nye storfylket på Vestlandet. (Illustrasjon: Varsom.no).

Regjeringa har i dag lag fram eit forslag til namn på dei seks nye fylka som oppstår 1.1.2020 som følgje av kommunereforma. Eit av forslaga som Stortinget seinare skal ta endeleg avgjerd om, er Vestland, som nytt namn på Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kontroversielt
Namn er ikkje einkelt, men sjeldan har forslaget til namn på eit område med over 800.000 innbyggjarar vekt så mykje oppstyr som då politikarane i fellesnemnda for det nye vestlandsfylket føreslo at det nye fylket skulle heita Vestlandet.

Ikkje heilt uventa vekte namneframlegget heftige protestar frå nabofylka Rogaland og Møre og Romsdal som også reknar seg som ein del av Vestlandet.

Lokal forankring
Etter ei tid i tenkjeboksen kom fellesnemnda i staden opp med forslag om Vestland.

Språkrådet er mellom dei som har kome med sterke motførestellingar mot namnevalet.

Det lokale forslaget har voge tungt hos kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

– Det har vore eit mål for meg at fylkestinga sjølv kjem fram til eit namneforslag med god lokal forankring, seier Mæland i ei pressemelding i dag.

Ovanfor NRK.no påpeikar Mæland at Rogaland og Møre og Romsdal ikkje ønska å inngå i nokon storallianse på Vestlandet. Då vart det vanskeleg for henne at dei to skulle verta premissleverandørar til namn på eit fylke dei ønskjer å stå utanfor.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.