Flest einslege vaksne i sosialhjelpskøen

Gruppa einslege vaksne er den gruppa mellom sosialhjelpsøkjarane i Askøy som aukar mest.

Dei økonomiske problema tårnar seg opp for stadig fleire einslege vaksne, med og utan born, i Askøy.

Meir enn halvparten av dei som søkte sosialhjelp i Askøy i mars var einslege vaksne over 25 år, viser ein oversikt NAV har utarbeida.

NAV opplyser ikkje kor mange av desse som har mista jobben og gått arbeidsledige ut over dagpengeperioden. Gruppa vert heller ikkje inndelt i alder eller kjønn.

Negativ trend
Askøy var den kommunen vest for Bergen der talet på mottakarar av sosialhjelp auka mest i 2017.

Les: Stadig fleire avhengig av sosialhjelp

Den negative utviklinga held fram i år, framkjem det av oversikten som utval for levekår skal drøfta i neste møte.

Siste utveg
Einslege vaksne over 25 år vert forventa å kunna forsørgja seg sjølv, utan støtte frå foreldre eller søsken. Mister dei jobben og går arbeidslause ut over dagpengeperioden, har dei heller ingen partnar dei kan støtta seg på økonomisk. Å oppsøkja sosialkontoret vert for dei siste utveg.

Sidan årsskiftet har gruppa einslege vaksne som søkjer sosialstønad i kommunen auka månad for månad. I januar var talet 90, i mars hadde det stige til 104 personar.

For heile fjoråret utgjorde denne gruppa i snitt 80 personar i månaden.

Einslege forsørgjarar
Einslege forsørgjarar er den andre gruppa NAV møter stadig oftare i køen framfor sosialhjelpsskranken. Frå januar til mars i år auka talet frå 47 til 61 personar.

For heile fjoråret var snittet 49 personar.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s