– Har du det bra?

Hordaland fylkeskommune inviterer i desse dagar hordlendingane til å svara på det dei hevdar er største folkehelseundersøkinga, nokon gong.

Fylkeskordførar Anne Gine Hestetun er oppteken av folkehelse. No  oppfordrar ho flest mogeleg hordalendingar om å svara på den digitale spørjeundersøkinga fylkeskommunen utførar i samarbeid med Folkehelseinsituttet.

Heile 70.000 hordalendingar over 18 år får i desse dagar invitasjon til å delta i ei spørjeundersøking om korleis dei har det og korleis dei trivest i nærmiljøet sitt.

Påverka av omgjevnadane
Folkehelse handlar om forholda vi lever i; kvar og korleis vi blir fødde, veks opp, leikar, utdannar oss, arbeider og eldast. Vi blir påverka av omgjevnadene våre. Helse er derfor ikkje eit individuelt val.

Det vert stilt spørsmål om sjølvopplevd helse, om korleis du trivst, korleis du lever og korleis du opplever nærmiljøet ditt.

– Vi vil leggja til rette for at det er god folkehelse i Hordaland, men då må vi vita korleis folk har det. Om mange nok svarar, kan både fylkeskommunen og kommunane setje i gong tiltak som kan koma innbyggarane til gode og betra folkehelsa, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun i ei melding frå Hordaland fylkeskommune.

Undersøkinga skal gjennomførast i samarbeid med Folkehelseinstituttet.

Heildigital
Undersøkinga er heildigital. Hordaland er første kommune som testar ut Folkehelseinstituttet sitt digitale spørjeskjema. Invitasjonen til å delta vert sendt ut via SMS eller epost.

Dei som får invitasjon til å delta, er trekte tilfeldig ut frå Folkeregisteret. Utvalet skal likevel vera representativt i forhald til alder, kjønn og bustadkommune.

Svara er anonyme, og Datatilsynet har godkjent undersøkinga.

–Slike fylkesundersøkingar er viktige for å få eit godt grunnlag for det lokale folkehelsearbeidet. Vi håpar at flest mogleg vil takka ja til å delta. Dess fleire som deltar, jo betre kunnskapsgrunnlag får vi, seier direktør i Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Ikkje alle, særleg dei eldre, er like flinke med data. Om folk har spørsmål, eller dei slit med det digitale spørjeskjemaet, har fylkeskommunen oppretta ein eigen kontaktperson som kan svara på spørsmål.

Viktig for planarbeidet
Tilhøve som gjeld folkehelsa skal inn i alle fylkeskommunale og kommunale planar. Folkehelsa har difor kome sterkt i fokus siste åra.

– Å leggja til rette for god folkehelse har mykje å seia for samfunnet og for helsa til den enkelte. Difor er dette viktig, og difor har vi stort fokus på folkehelsearbeidet i Hordaland, seier fylkesordførar Anne Gine Hestetun.

Kommunale rapportar
Resultata frå Folkehelseundersøkinga i Hordaland 2018 vil òg koma kommunane til gode. Dersom svarprosenten er høg nok, får dei største kommunane i Hordaland eigne rapportar. For dei mindre kommunane kjem rapportane på regionsnivå for å sikre anonymiteten. Resultata kan og bli brukt til seinare forsking.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.