Vert assisterande rådmann – om han vil

Rune Lid, rådmann i Sund, er den einaste aktuelle interne kandidaten til stillinga som rådmann i Nye Øygarden.

Rådmann Rune Lid i Sund bør få tilbod om stillinga som assisterande rådmann i Nye Øygarden frå 1.1.2020, tilrår ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden.

Etter at prosjektleiar Paul J. Manger slutta på dagen før påske, er Fellesnemnda for Nye Øygarden på leit etter ny leiar som kan fullføra samanslåinga av Fjell, Sund og Øygarden.

Les: Vert han første rådmann i Nye Øygarden?

Stillinga som første rådmann i Nye Øygarden bør lysast ut, med mål om at vedkomane skal ta til i stillinga alt ved førstkomande årskifte,  føreslår dei tre ordførarane før møtet i Fellesnemnda 16. april.

Inntil den nye rådmannen er på plass bør Rune Lid, rådmann i Sund, tilsetjast som prosjektrådmann for Nye Øygarden.

Det er avklart at Lid er einaste aktuelle interne kandidaten til rådmannstillinga i Nye Øygarden. Dei tre ordførarane ønskjer difor at Fellesnemnda tilbyr han stillinga som assisterande rådmann etter at den nye kommunen er ein realitet 1.1.2020.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s