Den dagen bombene fall

Seksårigen Gunnar Ulveseth var med familien i åkeren og tok opp poteter. Då byrja flyalarmen på Fjell festning å ula.

Gunnar Ulveseth viser eit av bombekratera i utmarka. Dagane etter bombina var bergnabbane bak han gule av udetonert TNT.

I utmarka nordaust for Ulveseth ligg det rustne restar frå minst tre bomber frå 2. verdskrigen. Gunnar Ulveseth (80) huskar godt den dagen bombene fall. Hendinga var ei av dei aller tidlegaste minna som festa seg i barnesinnet.

Potetopptaking

Ikkje alle bombene eksploderte. Denne berre sprakk. Gunnar Ulveseth med restane av den største bomba som er funnen i området.

Seksåringen var med resten av familien i åkeren og tok opp poteter. Like etter at flyalarmen byrja ula, byrja luftvernrakettane å fara over himmelen og splintane fauk. Inn frå sør såg familien at det kom bølgje på bølgje på lågtflygande bombefly.

Det er solide dimensjonar over dei rustne bombeskala. Desse kjem til å verta liggjane lenge i utmarka.

Familien søkte dekning i kjellaren til besteforelda. Seksåringen stod i kjellardøra og såg på:

-Det var eit forferdeleg spetakkel. Eit av flya hadde ein heilt annan lyd enn dei øvrige. Truleg var det skada, seier Ulveseth.

Medan guttungen stod der og såg, byrja bombene falla over utmarka.

-Jord og stein fauk himmelhøgt, minnest han.

Eksploderte ikkje
Ikkje alle bombene eksploderte då dei traff bakken. I staden sprakk dei i fleire store bitar. Truleg var tennsatsen ikkje på plass, antydar Ulveseth.

Dette er restane av ei mindre bombe som Gunnar Ulveseth var med på å draga opp av myrholet i bakgrunnen for nokre år sidan. Truleg skjuler det seg bomberestar i fleire myrhol i området, seier Ulveseth.

Dagane etter var eine bergnabben i utmarka gul av TNT – sprengstoff som ikkje hadde detonert. Enno ei bekrefting på at bomba ikkje eksploderte, men at ho sprakk og at innhaldet vart spreidd i landskapet.

4. oktober 1944
Ulveseth sjølv minnest ikkje datoen for den grufulle hendinga.

Potetopptakinga tilseier at det må ha skjedd tidleg i oktober.  Det var ikkje så mange bombeangrep over Bergen under krigen. Enno færre skjedde på dagtid. Høgst truleg fall bombene over Ulveseth 4. oktober 1944. Denne dagen bomba engelske fly ubåtbunkeren på Laksevåg, og den tragiske feiltreffet av Holen skule der 193 sivile, medrekna 61 ungar, mista livet.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s