Vil støtta oppussing av Vik bedehus

Vik bedehus er så viktig for det kristne miljøet i Øygarden at formannskapet innstiller på å løyva 500.000 til oppussing av bygget.

Vik bedehus står sentralt i kristenlivet i Øygarden. No skal det pussast opp for 3,23 millionar kroner.

Den omfattande oppussinga av bedehuset er kostnadsrekna til 3,23 millionar kroner. Styret for bedehuset har søkt Øygarden kommune om å få eit tilskot på 500.000 kroner til prosjektet. Resten er tenkt finansiert gjennom dugnad og gåver frå private og frå næringslivet, framkjem det av saka som vart lagt fram for formannskapet utan innstilling.

Dekkar inntil 10 prosent
Dette er ein type tiltak som Øygarden kommune ønskjer å stimulera til. Eit regelverk frå 2007 tilseier at private lag og organisasjonar kan få dekka inntil 10 prosent av kostnadane i samband med rehabilitering.

Sjølv om formannskapet haldt seg til dette regelverket, ville det bety ein kostnad på 323.000 kroner.

Lite att på konto
Formannskapet sin konto for reserverte tilleggsløyvingar er snart oppbrukt for 2018. Om formannskapet sa ja, ville det vera lite att til andre søkjarar som også var kvalifiserte for kommunal støtte, framkom det då formannskapet drøfta saka i dag.

Eit samrøystes formannskap er likevel innstilt på at bedehuset skal få så mykje pengar som styret har søkt om.

Kommunestyret må velsigna
500.000 er ei løyving som går ut over det formannskapet kan vedta. Kommunestyret må difor velsigna eller avvisa søknaden seinare i vår.

Ovanfor kommunestyret tilrår formannskapet at Øygarden kommune løyver 500.000 kroner til oppussinga, og at pengane vert henta frå disposisjonsfondet.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.