Tre ungar er nok

Barnerike familiar i Øygarden skal ikkje lenger kunna få sosialstønad for meir enn tre ungar.

Inger Marie Toft (H) vil styrka arbeidsrelaterte tiltak og språkopplæring ovanfor innvandrarfamiliar i Øygarden.

Øygarden har forhaldsvis fleire innbyggjarar som er avhengig av sosialstønad enn nabokommunane. Familiar som får kommunal stønad til livsopphald får og meir utbetalt enn om dei hadde budd i Fjell, Sund eller Bergen.

Les: Langt fleire strilar avhengig av sosialhjelp

Medan einslege på sosialstønad har det heller magert, ligg det ein stordriftsfordel i å ha mange ungar. Særleg er det ei handfull barnerike innvandrarfamiliar som har bidrege til å blåsa opp utgiftsposten, framkjem det av rådmannen si innstilling til formannskapet.

Les: Flest einslege vaksne i sosialhjelpskøen

Ein familie med to vaksne og fem mindreårige ungar kan typisk få heile 47.000 kroner i offentleg støtte i månaden, men då utgjer husleige og straum 17.550 kroner. Den statlege barnetrygda er og rekna med, framkjem det av ei sak formannskapet behandla i går.

Det skal løna seg å arbeida
Det skal løna seg å arbeida, tenkjer politikarane i formannskapet. Kommunen får ikkje vera så raus at utbetalingane til sosialtrygd overgår den inntekta familiane hadde fått om dei vaksne er i arbeid, er dei samde om.

Ved å kutta i den offentlege stønaden håpar dei å gje dei det gjeld incentiv til å søkja arbeid.

Sosialklientar tenkjer taktisk, fryktar ordførar Børge Haugetun (TVØ). Øygarden får ikkje vera så raus at dei tiltrekkjer seg sosialklientar frå nabokommunane.

Tre ungar er nok
No ser Haugetun fram til debatten i kommunestyret. Om fleirtalet i der er samde med formannskapet, skal familiar med meir enn tre ungar heretter få mindre sosialstønad å rutta med. Store familiar skal ikkje lenger få sosialtrygd for meir enn tre mindreårige ungar, tilrår formannskapet.

Mindretalet i formannskapet, Inger Marie Toft (H) og Atle Dåvøy (KrF), ville ha med eit tillegg om at det kommunen slik sparar i utgifter til direkte sosialstønad heller skal nyttast til arbeidsrelaterte tiltak og språkopplæring.

Ingen nye tiltak
Verken Dåvøy eller Haugetun er innstilt på å oppretta nye tiltak. I kommunestyret vil dei difor gjerne ha ein oversikt frå rådmannen over kva integrerande tiltak som kommunen alt tilbyr, gjerne saman med ei forklaring på kvifor tiltaka eventuelt ikkje verkar.

Staten sine satsar
Øygarden skal framleis følgja staten sine tilrådingar i sosialsatsane. Kommunen skal også halda barnetrygda utanom når satsane skal reknast ut.

Ei innskjerping som vil ramma alle mottakarane av sosialhjelpstønad, er at den til no rutinemessige utbetalinga til nye klede heretter skal vera behovsprøvd.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s