Fuglekikkarane har fått ny hekkestad

Både folk og våtmarksfuglar flokkar til Herdlevalen.

Fugleobservasjonstårnet glir inn i landskapet på Herdlavalen. Våtmarkane gjev trygg hekkeplass til fuglar som vipe, sandlo, tjeld og raudstilk. Myrsnipa er tilbake etter mange års fråvær. Vil då sjå gravand, er dette visstnok beste staden i Hordaland.

Herdlevalen er utan sidestykke den mest fuglerike staden i Hordaland. Naturreservatet er det viktigaste området for trekkjande våtmarksfugl i Hordland, ifølgje fylkesmannen.

Populær utfartsstad
I 1939 vart det avgjort at Herdlevalen skulle verta flyplass for Bergensområdet.  Tyskarane verkeleggjorde flyplassplanane for ei stund, men samferdsleproblem og politiske drakampar i etterkrigsåra førte til at flyplassen i staden enda på Flesland.

Det kan naturglade hordalendingar gleda seg over i dag. Herdlevalen og det karakteristiske flate landskapet med lange strender er ein populær utfartsstad året rundt. På godvêrsdagar er det ikkje uvanleg at fleire hundre turgåarar kjem hit for naturoppleving og rekreasjon. Det er sjølvsagt positivt, men slett ikkje problemfritt for fuglar som skal hekke, kvile og finne mat i det same området.

Fugleobservasjonstårn
Den aller viktigaste delen av naturreservatet er skjerma for ferdsle i den mest sårbare tida av året. Det nye fugleobservasjonstårnet er ei viktig brikke for å sikra at både folk og fuglar kan trivast i området. Tårnet vil gjere det mogleg for dei mange besøkande på Herdla å oppleve det rike fuglelivet på ein heilt annan måte enn før.
Dei som kjem hit skal få oppleve fuglane på nært hald, utan at fuglelivet vert skadelidande, lovar miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

360 grader

Eit skjerma amfi medverkar til at fugleobservasjonstårnet vert ein populær samlingsplass.

Observasjonstårnet sikrar 360 graders overblikk over området, utan at den einkle konstruksjonen framstår som ruvande i det flate landskapet.

Eit lunt og skjerma amfi medverkar til at dette vert ein populær samlingsplass for besøkjande.
Arkitektar har vore LJB AS. Fylkesmannen i Hordaland har planlagt og finansiert bygget. Herdla Gård er grunneigar medan Herdla Museum og Museum Vest står som eigar av sjølve tårnet. Dei siste har dessutan planar om å nytta det rike fuglelivet som inspirasjon til faglege aktivitetar.
Opning denne veka
Tårnet stod ferdig i fjor haust, og er tilgjengeleg for publikum heile året.
Fylkesmann Lars Sponheim vil spela ei sentral rolle under den offisielle opninga torsdag denne veka.
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.